Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sexologisk rådgiving
Vi tilbyr rådgiving til pasientar som har utfordringar med seksualiteten sin på grunn av sjukdom, behandling eller skade.
Seksuell helse handlar om fysisk, psykisk, emosjonelt og sosialt velvære knytt til seksualitet. Seksualitet omfattar blant anna kjønnsidentitet, seksuell orientering, intimitet, nærleik, reproduksjon og erotikk.
Mange opplever problem med seksuell helse når dei er sjuke, har fått ein skade eller går gjennom behandling.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist av fastlegen din eller ein annan behandlar som har rett til å tilvise.
Namn, fødselsnummer, adresse og telefonnummer til pasienten
Kontaktinfo til nærmaste pårørande
Namn og kontaktinfo til legen som tilviser
Opplysningar om sosiale forhold og tidlegare sjukdomar
Aktuell sjukehistorie: Når starta plagene, og korleis påverkar dei kvardagen – både på jobb og fritid?
Resultat frå undersøkingar, vurderingar frå spesialistar og tidlegare behandlingar
Ei konkret problemstilling: Kva ønskjer pasienten? Medisinsk vurdering? Oppfølging? Behandling?
Vi har ikkje ekspedisjon på poliklinikken. Sett deg på venterommet i 9. etasje. Logg inn på HelsaMi og meld frå der at du har kome. Dersom du ikkje klarer å logge inn kan du vente til du blir ropt opp. Dersom det har gått meir enn 15 minutt frå du skulle ha timen din kan du ringe oss på 70105445.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Betalingsalternativ
Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.