Det er lurt å planlegge behandlinga godt og sette av tid til det du må gjere heime for å hindre smitte på nytt.
Må nærkontaktar behandlast?
Personar du har nærkontakt med bør behandlast, sjølv om dei ikkje klør. «Nærkontaktar» i denne samanhengen betyr alle i husstanden og andre du har delt seng, handkle og liknande med. Alle i husstanden bør ta behandling samtidig. Dette gjeld også viss du bur i kollektiv.
Kva skal gjerast i heimen?
Skabb døyr etter 6 døgn utan kontakt med hud, men også om han blir utsett for svært høg temperatur. Her er råd for å hindra smitte på nytt:
- Vask alt av klede, handkle, sengetøy, kosedyr, pledd, dyner og puter du har vore i kontakt med dei siste 7 dagane på 60 grader. Tekstil som ikkje toler vask på 60 grader skal leggast vekk i 7 dagar i romtemperatur.
- Ta mobildekselet av mobilen og legg det bort i 7 dagar.
- Sko som har vore i bruk den siste veka set du bort i 7 dagar. Hugs at dette også gjeld for sports- og arbeidssko.
- Støvsug seng og madrass som eit minimum. Snu overmadrassen eller dekk madrassen med plast. Alternativt kan du la vêr å bruke madrassen i 7 dagar.
- Sofa, kontorstol og bilsete skal støvsugast grundig eller dekkast med plast. Alternativt kan du la tekstilmøblar stå ubrukt i 7 dagar.
- Frysing av klede, tekstilar og sko kan vurderast, men effekten av frysing avheng av temperatur, tid og kor tettpakka tinga som skal frysast er. For å oppnå effekt må gjenstandane vere gjennomfrosne i 24 timar ved låg temperatur (-18 grader), og tinga må ikkje vere for tett pakka.