Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ergoterapi
Sklerodermi - trening av hender
Sklerodermi er ein sjukdom som blant anna gir stram hud. Sjukdommen kan ramme heile kroppen, og i mange tilfelle er hender og fingrar ramma. Den stramme og harde huda kan medføre at ledda stivnar til. Dette kan igjen føre til vanskar med å utføre enkelte daglege gjeremål.
Kvifor handtrening?
Forsking viser at det er viktig at du dagleg utfører handtreningsøvingar. Øvingane kan forhindre at ledda dine stivnar og bidra til at elastisiteten i hud, musklar og sener held seg ved like. Bruk hendene så mykje som mogleg i kvardagen for å halde oppe god handfunksjon.
Tilvising og vurdering
Det er lege i kvar enkelt eining/avdeling som viser deg til ergoterapi.
Før
Oppvarming
Erfaring og forsking viser at oppvarming av fingrane i cirka 10–15 minutt før trening kan gi mindre smerte og betre effekt av handtreninga.
Oppvarming kan gjerast på ulike måtar:
Smør hendene inn med fuktkrem og masser kremen inn i huda.
Hell varmt vatn i eit fat. Tilsett litt olje for å hindre uttørking av huda. Gjer bøy- og strekkøvingar i vatnet.
Varm opp ris/byggkorn (i mikrobølgeomn eller 100 grader i steikeomn) i eldfast form. Gjer bøy- og strekkøvingar i den varme risen/korna.
Varm opp fingrane med bruk av andre typar varmepakningar/varmeputer.
Øvingar
Utfør alle øvingar som vist på bilda i eit roleg tempo, sittande med avslappa skulder. Hald til du kjenner det tøyer godt, cirka 5–10 sekund. Repeter øvingane 10 gonger.
Alle Foto under: Helse Bergen
Øving 1
Kvil armane på bordet med bøygde fingrar. Vri hendene/underarm utover. Hald overarmen i ro.
Øving 2
Kvil armane på bordet og hald handleddet i midtstilling. Strekk handledda bakover, hald og bøy handledda innover.
Øving 3
Press handflatane mot kvarandre, samtidig som du pressar underarmane mot bordet.
Øving 4
Vri handleddet mot veslefinger-sida, og deretter mot tommelfingersida.
Øving 5
Sprik med fingrane så mykje som mogleg og beveg tommelen så langt bort frå fingrane som mogleg. Prøv å flette fingrane og fald hendene.
Øving 6
Lag ein sirkel med tommel mot peikefinger, strekk ut og fortsett mot dei andre fingrane.
Øving 7
Bøy grunnledda på dei ytste fingerledda på alle fingrane så mjuke som mogleg samtidig som du held grunnledda strake. Strekk fingrane og repeter.
Øving 8
Bøy alle fingrane så mykje som mogleg inn i handflata. Strekk ut fingrane og repeter.
Øving 9
Tøy ein og ein finger sitt grunnledd med press på midtleddet. Hald og tel til 10.
Øving 10
Tøy midt- og ytterledd på éin finger om gongen. Hald og tel til 10.
Øving 11
Strekk ut ein og ein finger ved å presse på midt- og ytterledd. Hald og tel til 10.
Øving 12
Grip rundt eit glas / ein kopp for å tøye huda mellom tommel- og peikefinger. Hald og tel til 10.
Etter
Nokre øvingar kan vere ubehagelege fordi det strammar i huda, men det er ikkje farleg.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.