Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spastisitet

Spastisitet er ein tilstand med unormalt høg spenning i skjelettmuskulaturen. Årsaken til spastisitet er skade i sentralnervesystemet slik at nerveforbindelsane mellom hjerne og muskultatur blir øydelagt/forstyrra.

Dei vanlegaste sjukdommane som kan medføre spastisitet er hjerneslag, multippel sklerose (MS) og ryggmargskade. Ved spastisitet blir musklane stramme og harde, og dei blir vanskelige å kontrollera. Dette kan medføre vanskeligheter med å utføre jevne og nøyaktige bevegelsar, og kan påvirke funksjonen i betydeleg grad. Det kan for eksempel bli vanskeleg å gå, stelle seg og spise, det kan gje utfordringar med hygiene, og ikkje minst vere smertefullt. Kva slags plager du får og kor kraftige dei er, vil variere med kor i hjernen/ryggmarg skaden sit, og kor stor skaden er.

Tilvising og vurdering

Du kan bli tilvist fra fastlege, eventuelt sjukehuslege. Tilvisinga blir vurdert av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering innan 10 virkedagar. Deretter sendes det ut brev med time, eventuelt  forventa ventetid for time.

  • Symptombeskrivelse og varigheit, samt konsekvensar for funksjonsnivå.  
  • Relevante tidlegare sjukdommar.  
  • Funn ved klinisk undersøking hos tilvisande lege.  
  • Forløp og behandling som er forsøkt tidlegare, og effekt/biverknad av tiltak.
  • Resultat av evt. bildediagnostikk  
  • Medikament
  • Sosiale forhold

Før

Du vil få innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt for vurdering. I innkallingsbrevet vil du også bli bedt om å ta med deg oppdatert medikamentliste. Dersom du brukar ortose/skinne, ber vi om at du tek den/dei med.

Under

Du vil bli tatt i mot av lege og fysioterapeut, som saman gjer ei vurdering av deg. Vil vil stille deg ein del spørsmål angåande din spastisitet, samt utføre ei undersøking av deg. Deretter vil vi kome med anbefalingar om tiltak vidare:

Ikkje-medikamentell  tiltak

Råd og veiledning i forhold til fysioterapi er viktige behandlingstiltak ved spastistitet. Ved fysioterapi blir det utført gjentatte tøyingar av musklane, styrketrening av spastisk muskultatur kan vere nyttig. Råd i henhold til rullestol og hjelpemiddel er også aktuelt. Ortose/skinner og andre ortopediske hjelpemiddel vil bli vurdert.

Medikamentell behandling

Botulinumtoksin A

Det kan bli aktuelt å tilby deg behandling med botulinumtoksin A dersom dette blir vurdert hensiktsmessig. Botulinumtoksin A er eit medikament som sprøytast inn i utvalgte musklar som er spastiske, og som hindrar overføring av signal frå nerve-ende til muskelfiber. Dette får muskelen til å slappe meir av, og virkninga varer i gjennomsnitt 3 månader. Behandlinga kan utførast ved poliklinikken same dag du er til konsultasjon, eventuelt settast det opp ny time til slik behandling.

Det er viktig at behandlinga er ledd i ei heilhet, det vil seie:
  • Det skal vere ei klar målsetting: Bedre funksjon, lette forflytning og stell, lette av- og påkledning, bedre hygiene og/eller redusere smerter.
  • Det skal vere eit opplegg for dagleg egentøying for å optimalisere effekt av behandlinga. Du bør ha etablert oppfølging hos lokal fysioterapeut. Det kan også bli aktuelt å bruke ortose/skinne.
Behandlinga er forbundet med lite biverknader. Den vanlegaste er forbigåande ømhet på injeksjonsstaden, forbigåande feber og/eller blir trøytt kan forekomme.

Annen medikamentell behandling 

Det kan vere aktuelt med ulike formar for tablettbehandling i forbindelse med spastisitet. Det vanligaste er eit medikament som heiter Baklofen/Lioreal, som har en generell verknad på spastisitet. Ved uttalt spastisitet på begge sider av kroppen kan det av og til vere aktuelt med dette medikamentet i væskeform gitt gjennom ei pumpe direkte til ryggmargskanalen (Baklofen-pumpe).




Etter

Vi skriv eit notat som oppsummerar vurderingar og plan vidare. Dette sender vi til tilvisar og fastlege, og eventuelt til andre som er involvert oppfølginga di (for eksempel heimeteneste, fysioterapeut, ergoterapeut). Viss det er starta behandling med botulinumtoksin A, vil du bli innkalla til ein kontroll for evaluering etter 3-4 månader. Kontroll elles blir vurdert og gjennomført ved behov. 

Sist faglig oppdatert 26.07.2022

Kontakt

Ålesund sjukehus Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk

Oppmøtestad

Etasje U1, fløy KV.

Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.
Følg merking frå hovudvestibylen.

Adresse

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for dag/poliklinikk, individuelt tilbud

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.