Behandling
Spastisitet
Spastisitet er ein tilstand med unormalt høg spenning i skjelettmuskulaturen. Årsaken til spastisitet er skade i sentralnervesystemet slik at nerveforbindelsane mellom hjerne og muskultatur blir øydelagt/forstyrra.
Dei vanlegaste sjukdommane som kan medføre spastisitet er hjerneslag, multippel sklerose (MS) og ryggmargskade. Ved spastisitet blir musklane stramme og harde, og dei blir vanskelige å kontrollera. Dette kan medføre vanskeligheter med å utføre jevne og nøyaktige bevegelsar, og kan påvirke funksjonen i betydeleg grad. Det kan for eksempel bli vanskeleg å gå, stelle seg og spise, det kan gje utfordringar med hygiene, og ikkje minst vere smertefullt. Kva slags plager du får og kor kraftige dei er, vil variere med kor i hjernen/ryggmarg skaden sit, og kor stor skaden er.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist fra fastlege, eventuelt sjukehuslege. Tilvisinga blir vurdert av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering innan 10 virkedagar. Deretter sendes det ut brev med time, eventuelt forventa ventetid for time.
Før
Du vil få innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt for vurdering. I innkallingsbrevet vil du også bli bedt om å ta med deg oppdatert medikamentliste. Dersom du brukar ortose/skinne, ber vi om at du tek den/dei med.
Under
Du vil bli tatt i mot av lege og fysioterapeut, som saman gjer ei vurdering av deg. Vil vil stille deg ein del spørsmål angåande din spastisitet, samt utføre ei undersøking av deg. Deretter vil vi kome med anbefalingar om tiltak vidare:
Ikkje-medikamentell tiltak
Medikamentell behandling
Botulinumtoksin A
- Det skal vere ei klar målsetting: Bedre funksjon, lette forflytning og stell, lette av- og påkledning, bedre hygiene og/eller redusere smerter.
- Det skal vere eit opplegg for dagleg egentøying for å optimalisere effekt av behandlinga. Du bør ha etablert oppfølging hos lokal fysioterapeut. Det kan også bli aktuelt å bruke ortose/skinne.
Annen medikamentell behandling
Etter
Vi skriv eit notat som oppsummerar vurderingar og plan vidare. Dette sender vi til tilvisar og fastlege, og eventuelt til andre som er involvert oppfølginga di (for eksempel heimeteneste, fysioterapeut, ergoterapeut). Viss det er starta behandling med botulinumtoksin A, vil du bli innkalla til ein kontroll for evaluering etter 3-4 månader. Kontroll elles blir vurdert og gjennomført ved behov.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk
Oppmøtestad
Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.Følg merking frå hovudvestibylen.
Adresse
- I dag 08:00 - 15:30
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5