Før behandlinga startar vil behandlaren din saman med deg, basert på opplysningane i tilvisninga, danne seg eit bilete av kor alvorlege speleproblema dine er. Det vil deretter bli stilt diagnose og utarbeidd ein behandlingsplan.
Spelavhengigheit
Ein definisjon på spelavhengigheit er at du har mista kontrollen på spelinga og at det dominerer både tankar, kjensler og åtferd. Behandlinga kan hjelpe deg til å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og lære deg å handtere risikosituasjonar.
Tilvising og vurdering
Utgreiing
Behandling
- forholdet ditt til spel/speling
- forsøke å forstå kvifor du speler
- undersøke kva funksjon spelinga har for deg
- undersøke korleis spelinga påverkar kvardagslivet ditt
- snakke om motivasjonen din for å gjere endringar med tanke på spelinga di
Vi har og tilbod om par- og familiesamtalar.
Kor lang tid tar behandlinga?
- har du andre psykiske lidingar i tillegg
- kor klar du er til å gjere endringar
- i kva grad du har tru på at du kan få til endringar
Ved behov og ønske frå deg samarbeider vi med andre instanser for å samordne tiltaka. Vi kan til dømes stille på samarbeidsmøte.
Oppfølging
Etter avslutta poliklinisk behandling sender vi ei epikrise til deg og til den som tilviste deg. Epikrisa oppsummerer innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod.
Kontakt
Ålesund behandlingssenter
Rusbehandling TSB poliklinikk Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken finn du i underetasjen ved Ålesund Behandlingssenter. Inngang fra parkering like ved innkøyrsel. Inngang er merka med skilt til poliklinikken.

Ålesund behandlingssenter
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27


