Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagnose
Spelavhengigheit
Ein definisjon på spelavhengigheit er at du har mista kontrollen på spelinga og at det dominerer både tankar, kjensler og åtferd. Behandlinga kan hjelpe deg til å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og lære deg å handtere risikosituasjonar.
Her finn du fareteikna på speleavhengnad, og informasjon om korleis ein kan få hjelp.
Om lag 55 000 personar i Noreg har truleg problem med gambling og pengespel. Risikoen for å vere problemspelar er størst hos:
menn
personar med låg utdanning
personar som får ei form for offentleg stønad
personar med fødestad utanfor Noreg
Om pengespel i Noreg
Om lag 60 prosent av befolkninga i alderen 16–74 år speler pengespel kvart år. Dei mest populære spela er talspel og skrapelodd.
Speleautomatar på nett er dei spela som flest personar slit med å kontrollere.
Nye typar pengespel, plattformer og kanalar blir stadig utvikla, og tilbodet av fjernspel, blant anna via internett, veks. Ein stor del førespurnader til Hjelpelinjen for spilleavhengige og til behandlingsstader skriv seg frå spel frå utlandet.
Behandlinga vil bestå av motiverande intervju og kognitiv åtferdsterapi. I behandlinga ønsker vi å gjere deg bevisst på samspelet mellom tankar, kjensler og handlingsmønster, slik at du kan bli betre i stand til å meistre avhengigheiten din.
Med yngre pasientar kan behandlingsprosessen òg inkludere foreldre/pårørande. Skule, fastlege og NAV kan involverast etter behov og ønske.
Tilvising og vurdering
Sosialtenesta/NAV
Barneverntenesta
Fastlege/allmennpraktiserande lege
Privatpraktiserande legespesialist
Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
Lege i fengselshelsetenesta
Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta
Tilvisingar til spelavhengigheit skal sendast til følgjande adresse: Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) Ålesund behandlingssenter Vestmoa 27 6018 Ålesund
Før behandlinga startar vil behandlaren din saman med deg, basert på opplysningane i tilvisninga, danne seg eit bilete av kor alvorlege speleproblema dine er. Det vil deretter bli stilt diagnose og utarbeidd ein behandlingsplan.
Du vil også få ein SMS med ein lenke til NORSE for å fylle ut ein kartlegging i forkant av timen din.
Behandling
Behandlinga vil bestå av polikliniske samtalar individuelt, i gruppe, eller med ein kombinasjon av desse. I desse samtalane vil vi snakke om følgjande:
snakke om motivasjonen din for å gjere endringar med tanke på spelinga di
Det kan variere kor ofte du møter til samtalar. Det er vanleg med ein gang i veka.
Vi har og tilbod om par- og familiesamtalar.
Kor lang tid tar behandlinga?
Behandlingsperioden vil variere i lengde, intensitet og hyppigheit ut frå følgjande:
har du andre psykiske lidingar i tillegg
kor klar du er til å gjere endringar
i kva grad du har tru på at du kan få til endringar
Ved behov og ønske frå deg samarbeider vi med andre instanser for å samordne tiltaka. Vi kan til dømes stille på samarbeidsmøte.
Oppfølging
Etter
avslutta poliklinisk behandling sender vi ei epikrise til deg og til den som
tilviste deg. Epikrisa oppsummerer innhaldet i behandlinga og forslag til
vidare behandling og/eller andre tilbod.
Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau.
Parkering
Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering.
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen
Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
Foto: Gro Kjoss Lynge
Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.
Praktisk informasjon
Endre/avbestille time
Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.