Du får enten eit tilbod om oppfølging/ behandling ved smertepoliklinikken eller at vi tilrår ei vidare oppfølging i førstelinjetenesta, eventuelt rehabilitering i spesialisthelseteneste. Behandlingstilbodet kan vere individuell behandling og oppfølging med ein eller fleire faggrupper, eller meistringsbasert behandling i gruppe. I denne perioden vil det som ledd i behandlinga vere eit fokus på eigenaktivitet, eigentrening og eiga meistring.
Utgreiinga kan føregå over fleire dagar. Du blir ikkje innlagd under utgreiinga.
Du blir spurd om å svare på elektronisk spørjeskjema i samband med utgreiinga. Dette finn du opplysningar om i timebrevet ditt. Dette er til hjelp for oss for å finne ut mest mogleg om tilstanden din. Det er elles ingen førebuingar i forkant av undersøking, utgreiing eller oppstart av behandling, men vi ønskjer at du tek med deg oppdatert medisinliste til første time. Viss du har informasjon om eventuell behandling og medisinar du har prøvd tidlegare, er det fint om du tek med det òg. Fastlegen din kan hjelpe deg med dette.