Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stress-ekkokardiografi

Stress-ekkokardiografi er ein test som blir spesielt brukt til å påvise teikn på kransåresjukdom (koronarsjukdom).

Ved stress-ekkokardiografi vurderer vi hjartemuskelen si evne til å reagere på belastning. Dette gjer vi ved hjelp av ultralyd, samtidig som du får eit medikament.

Før

  • Undersøkinga gir nesten aldri komplikasjonar. Du må likevel vere heilt fastande. Det vil seie at du ikkje har ete eller drukke dei siste fire timane før undersøkinga.
  • Eventuelle medisinar kan du ta som vanleg, dersom ikkje anna er avtalt med legen. Men bruker du beta- blokker (Hemanigol®, Pranolol®, Sotalol®, Metoprolol®, Bloxazoc®, Selo-Zok®, Seloken®, Atenolol®, Bisoprolol®, Emconcor®, Brevibloc®, Hypoloc®, Trandate®, Carvedidol®) skal du ikkje ta det den dagen du har time
  • Du må vanlegvis kle av deg på overkroppen, bruk gjerne klede som er relativt enkle å ta av og på. Undersøkinga blir gjort med eit ultralydhovud plassert på brystveggen. Det er nødvendig at det er god kontakt mellom lydhovudet og huda. 
  • Prøv å unngå å ta hurtigverkande urindrivande medisinar dei siste to timane før undersøkinga.
Før undersøkinga startar ligg du på ein benk, og ein sjukepleiar koplar på deg EKG-elektrodar og eit blodtrykksapparat. Vi legg inn ein kanyle i ei blodåre for å gi ein eller fleire medisinar under undersøkinga. Denne kanylen blir fjerna etter undersøkinga.
 
Undersøkinga varer gjerne opptil ein time. 

 

Under

Når legen startar registreringa, ligg du på venstre side. Hjartet fell då fram mot brystveggen og blir lettare å undersøke. Når vi trykker med lydhovudet mot ein stad over lengre tid kan det bli litt ømt. Dette er ufarleg, men sei gjerne frå.

Legen fører ultralydhovudet over brystkassa i hjarteregionen og ser samtidig på biletet av hjartet ditt på ein skjerm.

Etter nokre minutt vil du få eit medikament gjennom venekanylen. Dette vil gå kontinuerleg som ein infusjon (drypp). Vi startar med ei lita dose som gradvis blir auka.

Dei fleste kjenner etter kvart at pulsen blir hurtigare og føler at den slår hardare. Dette er verknaden av medikamentet, og er ufarleg. Hjarterytmen, blodtrykket og korleis hjartet arbeider, blir heile tida overvaka.

Dersom du får ubehag/brystsmerter, må du gi beskjed til lege/sjukepleiar. Det kan bli aktuelt å avslutte testen. 

Undersøkinga vil vise om det er vesentlege innsnevringar på hjartet sine kransårer. Det vil seie endringar som kan gi angina eller vere årsak til svekka pumpefunksjon av hjartet. Registreringa er ofte nok til å avgjere om ein pasient skal halde fram med medisinsk behandling, kome til kontrollar eller eventuelt undersøkast vidare med tanke på bypass-operasjon eller utblokking av kransåreinnsnevringar.


 

g_e9c83669_b871_4a65_a619_4a4b41fd9306

Etter

Legen gir deg eit foreløpig resultat av undersøkinga. Oftast vil han gå igjennom bileta frå ultralyd i ettertid, og sende ein meir utfyllande rapport til fastlegen din.

Venekanylen i armen må vere på i cirka 15 minutt etter at undersøkinga er avslutta. Du kan reise heim når du kjenner deg i fin form.

Det er ikkje nødvendig med spesielle tiltak etterpå. 

Ver merksam

Ved kraftige eller vedvarande symptom som brystsmerter, tungpust eller hjartebank bør du kontakte lege.

Sist faglig oppdatert 04.09.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for hjartesjukdommar

Kontakt Poliklinikk for hjartesjukdommar

Oppmøtestad

2. etasje, fløy KV. 

Opningstider poliklinikken

  • I dag 08:00 - 16:00
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.