Om du har ein inflammatorisk revmatisk sjukdom og blir gravid, kan du enten ta kontakt med revmatologisk poliklinikk sjølv eller be fastlegen tilvise deg.
Når revmatologisk avdeling får beskjed om at du har blitt gravid, vil du vanlegvis få ein time for kontroll rundt svangerskapsveke 12.
Revmatologen din skal alltid vurdere kva risiko eit svangerskap har for deg, ut frå kva type revmatisk sjukdom du har og kor alvorlege plagene dine er.
Bruk av medisinar inngår som ein del av planlegginga og den individuelle vurderinga. Fordelar med medisinsk behandling må vegast opp mot eventuell risiko for barnet. Somme medisinar må du slutte å ta i god tid før du prøver å bli gravid, mens andre medisinar er det viktig at du held fram med gjennom graviditeten.


