Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Svettekjertelbetennelse, Kristiansund sjukehus

Sveittekjertelbetennelse, også kalla hidradenitis suppurativa eller hidrosadenitt, er ein kronisk betennelse i hårsekker. Den finst oftast i lyske og i armholer. Betennelsen kan også finnast rundt kjønnsorgan og endetarmsopninga.

Betennelsen artar seg i form av smertefulle knutar og byllar til dei aktuelle områda. For nokon vil enkeltforandringar forsvinne spontant utan å komme tilbake. Hos andre kan forandringane komme tilbake på same stad igjen og igjen. Det heiter residiverande cystar/abscessar, og kan utvikle gonger i hud, såkalla fistlar.

Aktive og residiverande forandringar blir ofte behandla best med kirurgi. Ein fjernar då hud med fistel-/abscessmateriale, ned til feittvev, i det aktuelle området.

Dersom ein lykkast i å fjerne alt fistel-/abscessmateriale, kjem ikkje forandringa tilbake på same stad. Det er likevel ikkje uvanleg at det kjem nye knutar og byllar til omkringliggjande hud, slik at kirurgisk behandling, evt. kombinert med medisinsk behandling må gjentakast.

Tilvising og vurdering

Du blir vist til vurdering og behandling frå fastlege eller spesialist.

Utredning

Ved førstegongsvurdering blir det vurdert kva behandling som er passande i kvart tilfelle. Dersom ein kjem fram til at kirurgisk behandling er anbefalt vil du få ny time for det.

Behandling

Dei fleste kirurgiske inngrepet mot hidradenitis suppurativa blir utført i lokalbedøving. Med mindre anna er avtalt, treng du ikkje faste før operasjon. 

Fjern ringar/smykker/piercing før du kjem. Er dei vanskeleg å få fjerna kan du risikere at dei blir klipte. Det er lurt å bruke litt tid på dette før timen.

Kjøp gjerne inn bandasjemateriell i forkant av operasjon, slik at du har det klart.

Barbering av operasjonsfeltet blir gjord på sjukehuset.

I praksis består operasjonen av å fjerne dei betente hudområda, anten med kniv, saks eller med laser. I enkelte alvorlege tilfelle kan det vere nødvendig med operasjon i narkose.


Etter operasjonen vil såret vanlegvis bli lagt ope for å gro frå botnen av. Unntaksvis blir såret lukka direkte.

Det er stor variasjon i storleiken på operasjonane og storleik på sår avheng av kor store område som må fjernast. Du får nærare informasjon frå legen din.

g_8e50b857_941a_455d_bdbe_d8889776ff3c


Oppfølging

Etter operasjonen blir sårområda bandasjert. Du får god informasjon om prosedyre for sårstell, som du vidare i hovudsak utfører sjølv.

Dei første vekene etter operasjonen skal du bruke tjukk skumbandasje utan limekant, til dømes Mepilex. Den absorberer godt væske frå sårflater. Du kjøper sårplater på apoteket som du kan klippe til.

Kor fort såra gror, avheng av storleik og kvar såret er, men det vil alltid ta fleire veker før det er heilt lukka. Dersom du ikkje røyker dei siste 6 vekene før operasjon og dei første 6 vekene etter operasjon, gror såret raskare.

Du må sjølv dekke utgifter til bandasjemateriell. Ta vare på kvitteringane, då du får refundert 90 % av utgiftene dersom dei går ut over eigendel. 

Kontroll

Etter operasjon er det vanleg med kontroll hos lege på sjukehuset.

Sjukmelding

Alle må forvente å bli sjukmeld i minimum ei veke. Kor lenge du blir sjukmeldt avheng av kor omfattande inngrepet er.

Ver merksam

Ta kontakt med sjukehuset ved mykje bløding, væsking eller smerter utover det som er forventa. Ta også kontakt med sjukehuset ved feber eller frysningar.

Kontakt

Kristiansund sjukehus Hudpoliklinikken Kristiansund

Kontakt Hudpoliklinikken Kristiansund

Oppmøtestad

Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje på sjukehuset. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

Lysbehandling i Molde finn du i apotekbygninga ved Molde sjukehus, Parkvegen 81. Inngang rundt hjørnet til høgre for apotekinngangen.

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Transport

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.
 
  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
Kart
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon f

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​

Hugs at du ikkj​e kan besøke nokon på sjukehuset ders​om 

  • du dei siste dagane har hatt hatt oppkast, diaré, hoste, sår hals, tungpust eller feber.  
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med oss på avdelinga på førehand slik at du kan følgje våre smittevernråd.



Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

 

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

 

 

 

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund