Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Systemisk lupus erytematosus (SLE)

Systemisk lupus erytematosus (også kalla SLE eller berre lupus) er ein kronisk autoimmun betennelsessjukdom der immunforsvaret lagar antistoff som er retta mot kroppen sin eige vev, noko som kan føre til betennelse i fleire av organa til kroppen. Sjukdommen er med i gruppa av revmatiske sjukdommar som kallast bindevevssjukdommar.

Utbreiing og årsak 

SLE er sjeldan, i Europa har omtrent 50 av 100 000 personar denne sjukdommen. Sjukdommen er vanlegare blant kvinner enn menn. SLE kan begynne i alle aldersgrupper, men er hyppigast i aldersgruppa frå 15 til 45 år.   

Årsaka til SLE er ukjent, men kjem sannsynlegvis av ein kombinasjon av fleire faktorar. Vi ser ei opphoping av SLE i enkelte familiar, noko som tyder på at arv har noko å seie. Ca. 5 % av barn som er fødde av foreldre med SLE, får sjukdommen.  

Ein veit som oftast ikkje kva som utløyser SLE, men hos personar som er disponerte for sjukdommen, kan følgande ha noko å seie:  

  • Soling
  • Stress, forårsaka av for eksempel psykiske belastningar eller infeksjonar
  • Kvinnelege kjønnshormon
  • Somme medisinar, som antibiotika, som inneheld sulfa eller penicillin eller epilepsimedisinar  

Les meir om autoimmune sjukdommar (Helsenorge.no) 

Symptom og sjukdomsteikn 

Symptoma ved SLE avheng av kva organ som blir ramma. Ofte ser ein hudutslett, særleg på lysutsette område. Muskel- og leddverk er vanleg, og det same er nyrebetennelse. Mange kan få sår i munnhòla, og nokon får hårtap. Ein kan kjenne seg utmatta og nokon kan ha feber utan å ha infeksjon. 

Utslett

Utslett er vanleg ved SLE, og det er ofte eit tidleg sjukdomsteikn. Mange med SLE er solømfintleg og får solutløyst utslett og/ eller sjukdomskjensle i kroppen etter å ha vore i sola.   

Eit spesielt utslett over nase/kinn er karakteristisk for SLE. Det har utbreiing som eit fivreld og kallast «sommarfuglutslett». Det oppstår først og fremst hos unge kvinner som får sjukdommen, og er ofte til stades ved aktiv sjukdom. Utslettet går tilbake når sjukdommen blir behandla og gir ikkje arr i huda. Eit anna karakteristisk utslett er «diskoid lupus». Det rammar også ofte ansikt og hovudbotn og gir ein djupare betennelse som ofte fører til at det blir danna arr og flekkvist hårtap.  

Det er ei rekke andre typar utslett som kan sjåast ved SLE, blant dei «Subakutt kutan lupus erytematosus», som oppstår oftast hos middelaldrande kvinner. Ein annan type utslett er «Chilblain utslett», som angrip hendene og eventuelt føtene, og har ein frostbitliknande utsjånad med utvikling av tynn og smertefull hud, enkelte gonger også med sårdanning. I sjeldne tilfelle kan det også oppstå utslett på grunn av betennelse i små blodårar i huda, såkalla hudvaskulitt.  

Raynauds fenomen/«likfingrar»  

Ca. 30 % av personane med SLE får fargeforandringar i huda på fingrar og føter ved temperatursvingingar eller stress. Fingrane kan bli kvite/blå, vonde og nomne, særleg når dei blir utsette for kulde. Dette kallast Raynauds fenomen («likfingrar»). (Les meir om Raynaud- lenke til tekst om det)  

Munnslimhinne  

Ca 30 % av personane med SLE får utslett og smertefulle sår i munnen. Nokre får også tørke munnslimhinner fordi dei har Sjøgrens sjukdom saman med SLE.  

Det er vanleg med plager frå musklar og ledd ved SLE. Ledda kan bli betente, da blir dei hovne og stive. Dette skjer oftast i fingerledd, kneledd og anklar. Leddbetennelsar ved SLE er ofte milde og fører sjeldan til skjelettskade i leddet. Sener og senehinner kan også bli betente, noko som i somme tilfelle kan føre til feilstillingar i ledda.  

Personar med SLE har auka risiko for å utvikle beinskjørheit, særleg ved bruk av kortison i høg dose og over lang tid.  

5-10 % av personane med SLE utviklar betennelse i musklane (myositt). Dette gir først og fremst muskelsvakheit og i mindre grad smerter.  

Nokon plagast av utbreidde smerter i ledd og musklar utan at det kjem av betennelse. Somme gonger kan dette utvikle seg til fibromyalgi. Årsaka er ukjent, men tidlegare smerteopplevingar, angst, depresjon og dårleg søvnkvalitet kan vere medverkande til at smertene blir langvarige.  

Nyrene blir ofte angripne ved SLE, vanlegvis med betennelse i karnøsta i nyrevevet, såkalla glomerulonefritt. Vi reknar med at ca. 20 % av pasientane har glomerulonefritt når dei får SLE- diagnosen, og at nærare 30-40 % vil utvikle det i løpet av livet med SLE, men med varierande alvorsgrad.  

Glomerulonefritt ved SLE kallast også lupus nefritt. Glomerulonefritt er vanlegvis utan smerte, men betennelsen gir lekkasje av protein ut i urinen, og det kan føre til væskeopphoping i kroppen. Ein får da vektauke og blir hoven i anklar og føter. Blod i urinen kan også vere teikn på nyrebetennelse. 

Raude blodceller transporterer oksygen, blodplater stoppar blødingar og kvite blodceller deltar i forsvaret mot infeksjonar. Ved SLE er det vanleg å få færre blodceller enn normalt. Det kan komme av at beinmergen lagar færre blodceller enn vanleg eller at blodcellene blir øydelagde.   

Sjukdom i lungehinnene (pleuritt) sest ganske ofte ved SLE og kjem av betennelse i lungehinna som ligg rundt lungene. Kraftig betennelse kan føre til væskedanning og gi pustevanskar. Nokon kjenner smerter i brystet, særleg ved innpust. Andre plagast av hoste. Ved lungehinnebetennelse må legen alltid vurdere andre årsaker, som bakterie- eller virusinfeksjonar, og væskedanning som reaksjon på blodpropp i lungene.  

Autoimmun betennelse i sjølve lungevevet er sjeldan ved lupus.  

Nokre SLE-pasientar kan få blodpropp i lungene (lungeemboli). Det er særleg dei som har såkalla «antifosfolipid-antistoff» i blodet som er utsett. Blodpropp i lungene gir raskt innsettande pustevanskar og ofte hoste med blodig oppspytt.  

Nokre pasientar får ein tilstand som kallast ”skrumpande lunge” (”shrinking lung”). Tilstanden gir tungpustheit. Røntgenbilde vil vise at lunga står høgare på den eine eller begge sider.  

Den vanlegaste forma for hjartepåverknad ved SLE er betennelse i posen rundt hjartet (perikarditt). Betennelsen kan føre til væske i hjarteposen og gi brystsmerter som blir verre når du pustar djupt inn, og betre når du sit litt framoverbøygd. Nokon kan også få tungpust. Perikarditt og pleuritt kan oppstå samtidig.  

Risikoen for hjartesjukdom er høgare hos personar med SLE enn i annan befolkning. Studiar viser at betennelsen ved SLE er ei direkte årsak til åreforkalking. I tillegg har pasientar med SLE oftare fleire risikofaktorar for hjarte-karsjukdom, som høgt blodtrykk, høge kolesterolverdiar og overvekt.  

Sjukdommen kan angripe veven av hjernen og gi ulike plager, frå milde til alvorlege. SLE kan angripe hjernen på minst to ulike måtar, den eine ved blodproppdanning i dei små eller store blodårane av hjernen, den andre i form av betennelse i hjernes vev og/eller rundt blodåresveggen. Ein sjeldan gong oppstår betennelse i blodåresveggen, såkalla vaskulitt. Det er også nokre få tilfelle der hjernehinnene (meiningane), ryggmergen, og dessutan nervevev i hender og føter blir angripen. 

Nokre av personane med SLE utviklar i tillegg Sjøgrens sjukdom, som gir tørrhetsplager, særleg i auge og munnhòle og underlivet.   

Nokon med SLE har antifosfolipidantistoff i blodet som gir auka risiko for blodpropp og  svangerskapskomplikasjonane tilbakevendande abortar og svangerskapsforgifting. 

Utredning

Diagnosen blir stilt ut frå symptom og funn ved undersøkingar og blodprøver.   

Det blir tatt blodprøver som viser funn av antistoff mot eige vev og ofte andre unormale funn som for eksempel få kvite blodceller og blodplater. Urinprøve er viktig for å fange opp om nyrene er ramma. Det kan vere nødvendig med røntgenbilde eller annan bildediagnostikk og vevsprøver frå påverka organ, som for eksempel hud, nyre, muskel eller beinmerg. Det er vanleg å kartlegge medisinbruk fordi enkelte medisinar i sjeldne tilfelle kan vere ei medverkande årsak til SLE.  

Behandling

Målet med behandlinga er å oppnå lågast mogleg sjukdomsaktivitet og forhindre skade på indre organ, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.  

Å leve godt med SLE

God kunnskap om sjukdommen er viktig. Det gir deg grunnlag for meistring og å ta gode val for deg og helsa di. Mange erfarer at det er nyttig å møte andre som har liknande helseutfordringar.   

Det er viktig å verne seg mot sola ved å halde seg i skuggen og bruke solkrem med høg faktor, fordi soleksponering kan forverre sjukdommen.   

Det blir anbefalt å ha eit sunt kosthald og å trene regelmessig, både styrke og kondisjonstrening. Oppfordringane for fysisk aktivitet og kosthald for menneske med SLE er i prinsippet lik oppfordringane for heile befolkninga. Dersom du har utfordringar med fysisk aktivitet eller utføring av aktivitetar i kvardagen kan vurdering hos fysioterapeut og ergoterapeut vere nyttig. Dette kan du snakke med behandlaren din om.  

Oppfordringar om fysisk aktivitet (Helsenorge.no)  

Tobakk blir frårådd fordi det aukar risikoen for høg sjukdomsaktivitet (i tillegg til andre uheldige effektar).  

Medikamentell behandling 

Den medikamentelle behandlinga er avhengig av kva organ som er ramma av sjukdommen. Dei aller fleste som er sjuke med symptom frå hud, ledd og slimhinner blir sette på behandling med hydroksyklorokin (Plaquenil). Mange bruker i tillegg prednisolon i varierande dosar. Om sjukdommen rammar indre organ, som for eksempel nyrer, kan fleire ulike immundempande medisinar vere aktuelle. 

Oppfølging

Oppfølginga av SLE vil vere eit samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling, i nokre tilfelle også nyreavdelinga. Det vil vere tette kontrollar når du får diagnosen og i periodar med aktivitet i sjukdommen.  

Du må sjølv avtale kontrollar hos fastlegen  

  • Risikoen din for hjarte- og karsjukdom og beinskjørheit bør bli vurdert regelmessig.
  • Om du bruker immundempande medisinar må du avtale regelmessig blodprøvetaking, vanlegvis fire gonger i året for å sjekke at behandlinga ikkje gir biverknader.
  • Om du bruker immundempande medisinar og/eller er >65 år bør du vaksinere deg mot pneumokokksjukdom, og du bør ta influensa- og koronavirus om hausten.  

Svangerskap  

SLE kan auke risikoen for komplikasjonar under graviditet, derfor er det viktig at graviditet blir planlagd i ein roleg fase av sjukdommen. Det er viktig å ta opp ønske om barn på kontrollar fordi det kan vere behov for å endre behandlinga, så det er lurt å ha ein kontrolltime 3-6 månader før du planlegg svangerskap.  

Sist faglig oppdatert 01.09.2026

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk
Ventetid: 12 uker

Ventetid: 12 uker

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingsalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringsbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 18
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

12 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familien blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovudvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.