Undersøking

Tarmscreening

Det nasjonale screeningprogrammet for tarmkreft er eit offentleg helsetilbod som blir gitt til innbyggarar i Noreg frå fylte 55 år. Screeningprogrammet har som mål å oppdage tarmkreft tidleg. Screeningmetoden vi tilbyr i starten er test på blod i avføring. Dette blir gjentatt kvart andre år.

Før

Når du er invitert til tarmscreening, får du tilsendt informasjon og prøvetakingsutstyr.

Under

Du tek prøva heime og sender ho inn til analyse ved laboratoriet. Følg rettleiinga du får tilsendt saman med prøvetakingsutstyret.

Etter

Dersom det blir påvist blod over ein bestemd verdi, blir du vist til sjukehuset for oppfølgingstime til undersøking med koloskopi.

Meir enn halvparten av dei som har blod i avføringa og kjem til koloskopi, vil få påvist polyppar i tarmen. Dette er små utvekstar som er vanlege, men nokre få av desse kan utvikla seg til kreft. Dei fleste polyppane kan fjernast der og då. Viss du må fjerne polyppar, kan koloskopien ta litt lengre tid.

Tarmscreeningsprogrammet er det tredje nasjonale kreftscreeningsprogrammet i Noreg.





Kontakt

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk Kristiansund

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1.etasje, meld deg i fellesluka i vestibylen når du kjem.
    Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

    Kristiansund sjukehus

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

    Transport

    ​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.
     
    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​
    Kart
    Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon f

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​



    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

     

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

     

     


    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–17.30

    Laurdag og søndag: stengt

    Kantina​​​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
    • Helg og høgtid: stengt  

    Kiosk

    I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

    ​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

    Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

    Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

    Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

    Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

    Pusterommet i Kristiansund

    Pusterommet i Ålesund 

     

  • Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

    Oppmøtestad

    Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.

    Adresse

    Opningstider
    • I dag STENGT
    • Måndag 08:00 - 16:00
    • Tysdag 08:00 - 16:00
    • Onsdag 08:00 - 16:00
    • Torsdag 08:00 - 16:00
    • Fredag 08:00 - 16:00
    • Laurdag STENGT
    • Søndag STENGT
    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

     

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

     

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

     

     


    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell


    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

     

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Nyheiter

  • En gruppe mennesker som poserer for et bilde
    6. september 2022
    Startar opp nytt pasienttilbod som kan redde liv

    Fredag 2.september markerte Helse Møre og Romsdal oppstarten av eit nytt tilbod med screening av tjukktarmskreft. Alle kvinner og menn i fylket som fyller 55 år i løpet av 2022 vil få invitasjon til å delta i programmet kor målet er å oppda...