- Det blir tatt blodprøver, og eit røntgen av brystkassa. Vi vurderer behov for CT av brystkassa og EKG.
- Vi følger med på blodtrykket ditt, pulsen og pusten, og passar på at du får nok oksygen. Du vil få tilført ekstra oksygen opp i nasen om behov.
- Du vil elles bli klargjord av sjukepleiar etter gjeldande rutinar på avdelinga.
- Av og til må ein skal faste. Ikkje drikk eller spis mat før du har fått tydeleg beskjed av ansvarleg sjukepleiar eller lege.
Thoraxdren
Thoraxdren syg ut luft (pneumothorax), blod (hematothorax), væske (pleuraeffusjon) eller puss (empyem) frå pleurahulen/lungesekken.
Store luft –og/eller væskesamlingar i pleurahulen kan gi store pustevanskar og i somme tilfelle kan innlegging av thoraxdren vere livreddande.
Punktert lunge (Pneumothorax)
Pneumothorax kan oppstå spontant av seg sjølv, det kan bli påført gjennom prosedyrar/undersøkingar (ved for eksempel bronkoskopi, innlegging av pacemaker og veneport) eller det kan oppstå ved slag/traume mot brystkassa (fall frå stor høgd, bilulykke eller liknande).
Ein liten pneumohorax/luftlekkasje vil kroppen klare å ordne sjølv – ein vil då følge med på utviklinga med hjelp av røntgen av lungene dagleg fram til ein ser ein ønskeleg trend. Ein større luftlekkasje vil trenge drenasje med hjelp av eit thoraxdren.
Blod i lungesekken (Hematothorax)
Hematothorax ser ein gjerne når brystkassa har vorte utsett for slag/traume og brekte ribbebein gir bløding i vevet/strukturane rundt brotet. Også her vil mengda av blod vere avgjerande for om ein treng å legge inn dren eller ikkje, og om blødinga er aktiv eller ikkje.
Pleuraeffusjon
Pleuraeffusjon oppstår når det samlar seg væske i mellomrommet mellom lunga og brystveggen. Det kjem ofte av ein underliggande sjukdom (for eksempel infeksjon/lungebetennelse, ulike krefttypar og hjartesvikt). Også her vil mengda på væska avgjere om ein treng å legge inn dren eller ikkje, og om ein har smerter og/eller opplever kortpustheit.
Puss i brysthinna (Empyem)
Empyem er betennelse i brysthinna med puss i pleurahulen. Pleurahulen er rommet som blir danna mellom dei to laga av brysthinne (ytre hinne av lunga og indre hinne av brystveggen). Dei fleste tilfella av pleuraempyem oppstår som ein komplikasjon til lungebetennelse, men andre årsaker kan vere operasjon eller skader i brysthòla. Ein vil vurdere å legge inn thoraxdren om ein ser at det trengst drenasje av tjuktflytande puss, og dessutan behov for innsetjing av oppløysande stoff (Actilyse) dersom pussoppsamlinga har blitt til ein fast masse.
Før innlegging av thoraxdren
Under sjølve innlegging av drenet
- Du får lokalbedøving og smertestillande i tablettform før og etter innlegginga. Smertene er individuelle og situasjonsavhengige, og vi justerer smertelindringa etter korleis du som pasient opplever situasjonen. God kommunikasjon begge vegar er viktig!
- Tjukna og plasseringa av drenet variere etter kva ein skal drenere.
- Etter innlegginga av drenet ta vi røntgenbilete av brystkassa for å sikre at drenet ligg rett.
- Du skal som regel tilbake på sengepost etter at røntgenbiletet er teke.
Etter innlegging av drenet
- Drenet blir kopla til ein kassett (ein plastboks) der ein kan følgje med korleis drenet fungerer.
- Sjukepleiar vil passe på og lese av kassetten til thoraxdrenet med jamlege mellomrom, og sjekke bandasjen.
- Dersom røntgenbiletet av brystkassa ser bra ut, og ein er fornøgd med plasseringa av drenet, kan det koplast på sug (undertrykk). Suget er festa i veggen bak hovudenden på senga og det vil vere ein lang slange mellom suget og kassetten til thoraxdrenet.
Smerter
- Det viktig med god smertelindring slik at du får puste med djupe pust og du får evna til å hoste ved behov. Du kan få ei hostepute til å halde imot brystkassa for smertelindring ved behov.
Bevegelse og aktivitet
- Det er viktig med mobilisering for å førebygge komplikasjonar som blodpropp og lungebetennelse. Det er ingen restriksjonar!
- Dersom du har sug festa i kassetten til thoraxdrenet og ønsker å gå ut i korridoren eller lenger – gjer avtale med sjukepleiar og/eller lege. Som regel kan du i korte periodar vere fråkopla suget/veggen. Hugs å gi beskjed når du er tilbake på rommet slik at sjukepleiar får kopla på igjen suget.
- Be om ein rullator til å henge kassetten til thoraxdrenet på ved mobilisering.
- Thoraxdrenet m/kassett må ikkje veltast, og slangen mellom deg og kassetten til thoraxdrenet må ikkje bli knekk på og/eller koplast i frå kvarandre. Dersom eit uhell skulle skje – gi beskjed til sjukepleiar straks.
- Thoraxdrenet m/kassett skal henge under brystnivå – dette får å få fallhøgde og sikre god drenering.
Bandasje
- Det er viktig at bandasjen rundt innstikkstaden er tett for å forhindre luftlekkasje, og er tørr for å forhindre infeksjon. Gi beskjed til sjukepleiar dersom du observerer at det trengst eit skift.
Vidare forløp
- Det vil bli tatt røntgen av brystkassa fleire gonger under forløpet.
- Dagleg legevisitt der du får oppdatering og får vite kva som skal skje vidare.
Ved fjerning av thoraxdrenet
- Under fjerninga av drenet skal du ligge på sida og puste godt inn og halde pusten til legen seier at drenet er fjerna og du kan puste igjen.
- Det skal takast nytt røntgenbilete av brystkassa etter 2 timar. Dette for å kontrollere at der ikkje er tilkommen luft under fjerninga av drenet.
- Dersom røntgenbiletet er bra – kan du skrivast ut. Av og til er det andre grunnar til at du skal vere på sjukehuset lenger.
- Det blir lagt på kvit vaselin (unngå luftlekkasje) og steril bandasje. Du kan dusje utan bandasje etter 3-4 dagar. Skift bandasjen dersom han blir våt.
- Eventuelle suturar skal fjernast hos eigen lege etter 10-12 dagar.
- Poliklinisk kontroll med røntgen av brystkassa blir avtalt ved utskriving.
- Eventuelle reseptar og sjukmelding blir skriven ut ved utskriving.
Dersom du blir utskriven med thoraxdren til heimen (ved pneumothorax)
- I enkelte tilfelle der ein ser at eit thoraxdren ikkje kan fjernast då luftlekkasjen ikkje vil avsluttast, kan du etter gitte kriterium bli utskriven med thoraxdren tilkopla eit såkalla Heimlich-ventil. Det er ein einvegs-ventil, liten og berbar.
- Det kan leke noko væske i frå ventilen. Det kan derfor vere lurt å ha på ein pose/hanske og teipe fast på sluttstykket. Hugs å klipp eit hol slik at luft slepper ut. Det kan også vere lurt å legge i eit stykke med papir/kompress som syg til seg væska. Posen/hansken blir skifta ved behov.
- Innstikkstaden må dekkast til med kvit vaselin inst (forhindre luftlekkasje) og steril dusjebandasje utanpå. Blir skifta på ved behov og alltid etter dusj.
Ver merksam
Førehandsreglar som må takast når du har hatt pneumothorax:
- Ved spontan pneumothorax: Det er IKKJE tilrådd å drive med dykking med trykkluft – gjeld livet ut.
- Du kan ikkje ta fly dei første vekene vekene etter avslutta drenbehandling for pneumothorax. Talet på veker er individuelt, avhengig av flyseselskap. Ein må derfor undersøke reglane hos kvart enkelt flyselskap før ein flyg den første tida etter gått gjennom pneumothorax.
Ta kontakt med lege dersom:
- Du får aukande/ny-oppstått pustevanskar.
- Dersom du får feber >38,5 grader og han ikkje kan knytast til annan sjukdom.
- Såra v/innstikkstaden blir tiltakande raudt og hovent.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Kirurgisk sengepost A Ålesund
Oppmøtestad
4. etasje, fløy HØ (høgblokka).
For pasientar som skal til planlagt innleggelse er oppmøtested på Dageininga i 7.etasje, fløy HØ (høgblokka)).

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5

