Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ultralydundersøking av hjertet gjennom spiserøret
Transøsofagus ekkokardiografi (TEE) ved Ålesund sjukehus
Denne undersøkinga viser detaljar i hjartet ved hjelp av ultralydsonde i matrøyret, bak hjartet.
Denne undersøkinga gir betre oversikt over delar av hjartet, spesielt hjarteklaffane, enn ved vanleg ultralydundersøking. Ein kjem nærare hjartet og får skarpare bilete.
Undersøkinga er ofte ei nødvendig tilleggsundersøking i spesielle situasjonar, som til dømes ved klaffesjukdom, spesielt for å planlegge klaffeoperasjon. I tillegg brukast undersøkinga til å sjå etter blodpropp, hol i hjarteskiljeveggen, og dessutan å sjå etter teikn til infeksjonar i hjartet. Ein sjeldan gong er den også aktuell ved uvanleg dårleg innsyn utanfrå.
Før
Du må vere fullstendig fastande når du kjem til undersøking. Dette for ikkje å risikere at mageinnhald skal kome opp og kunne inhalerast til lungene. Det betyr at du ikkje skal ete, drikke eller røyke i minst seks timar før undersøkinga. Ved bruk av Marevan måler vi grada av blodfortynning ved INR i form av ei blodprøve. INR måler du hos fastlegen i løpet av dei siste 2 - 4 dagane før undersøkinga, og INR-verdien skal som regel vere lågare enn 2,8.
Under
Vi gir deg avslappande medisin via ein venekanyle som blir lagt på handryggen din. Nokre gonger gir vi lokalbedøvande spray i svelget. Det vil nesten alltid komme ein del spytt og slim under sjølve undersøkinga, derfor ligg du på sida. Dette for at spytt og slim skal kunna renne ut. Det er viktig at du prøver å unngå å svelge slim/spytt, det kan fort hamne i luftvegane. Det er både lege og sjukepleiar til stades.
Ultralydsonden er ein 7-8 mm tjukk slange som blir smurt inn med bedøvande gel for å gli lett. Den har bevegeleg tupp slik at vi kan styr den gjennom svelget og ned gjennom matrøyret. Det er i prinsippet same type sonde som vi bruker til undersøking av mage (gastroskopi).
Av og til supplerer vi med å sprøyte inn kontrastvæske i venekanylen for å vurdere spesielle forhold. Vi kan og bruke fysiologisk saltvassløysing som kontrastvæske.
Det er sjeldan smerter ved undersøkinga, men dei fleste får brekkingskjensle når slangen blir ført ned i svelget. Det mest ubehagelege punktet er når slangespissen, som er godt avrunda, passerer tungerota og skal ned i sjølve matrøyret. Når dette punktet er passert, går resten av undersøkinga vanlegvis greitt.
Undersøkinga tar ca. 30 minutt, i tillegg til den ytre undersøkinga. Ein stor del av tida går med til førebuing av pasient og utstyr. Sjølve tida med slangen i matrøyret kan vare frå fem til femten minutt, anhengig av problemstilling.
Etter
Når slangen er tatt ut, kviler du i senga eller på undersøkingsbenken nokre minutt, slik at vi ser at alt er i orden, før venekanylen blir fjerna. På grunn av at du har fått intravenøs avslappande medisin, vil du kunne føle deg ustø på beina med det same, så vi anbefaler at du blir sittande på venterommet ein halvtimes tid. Du må ikkje køyre bil sjølv resten av dagen på grunn av medisinen.
Fordi du har fått lokalbedøving i svelget, må du ikkje drikke eller ete den første timen etter undersøkinga. Etter ein time kan du gjerne starte med ein slurk vatn for å sjå at svelgrefleksen er i orden, før du et eller drikk noko som er lite irriterande for svelget.
Resultata av sjølve undersøkinga får du straks den er ferdig. Fullstendig svar med tanke på vidare behandling med kirurgi eller liknande, kan likevel måtte vente til det har blitt halde eit møte, der sjukehistorie og resultat frå andre undersøkingar blir drøfta i ei gruppe som består av ulike spesialistar. Dei fleste opplever å ikkje huske alt som vert sagt etter undersøkinga, på grunn av den avslappande medisinen som blir gitt. Dette er heilt ufarleg og normalt. Din behandlande lege blir og informert om svaret.
Ver merksam
Ikkje et eller drikk den første timen.
Ikkje køyr bil resten av dagen om du har fått avslappande medisin.
Etter langvarig undersøking kan du oppleve å vere litt sår i halsen. Det er sjeldan at du kjenner ubehag når effekta av den avslappande medisinen er over.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Markerte område på bildet Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande Gul markering: HC-parkering Raud markering: Parkering for blodgivarar Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.