Ved spørsmål om, eller behov for, vidare oppfølging, medisinsk behandling eller rehabilitering etter skade, ber vi deg ta kontakt med fastlegen din. Det er fastlegen som har samla informasjon om helsetilstanden din, og som har fått ei oppsummering av kva sjukehuset har behandla deg for og om det er lagt ein plan for kontroll.
Ved enkelte alvorlege skadar blir du følgt opp ved sjukehuset. Du har i så fall fått informasjon om dette.
For meir informasjon om oppfølging i kommunehelsetenesta:
- Ved fysiske etterverknader, ta kontakt med fastlegen din
- Ved behov for hjelpemiddel eller assistanse som følgjer av skade, ta kontakt med helse- og velferdskontoret i kommunen din.
- Frisklivssentral, ein helsefremjande og førebyggjande kommunal helseteneste for personar med sjukdom, eller auka risiko for sjukdom, som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Oversikt over kommunar med frisklivssentral
For meir informasjon om rehabilitering i spesialisthelsetenesta (krev tilvising):
Ved rask forverring av tilstanden som ikkje kan vente: ta kontakt med legevakta på 116117