Tvangsliding hos barn og ungdom
Tvangsliding eller OCD (Obsessive Compulsive Disorder) er ei liding som er prega av tilbakevendande uønska tvangstankar og/eller tvangshandlingar. Behandlinga er kognitiv terapi inklusiv eksponering med responsprevensjon (ERP), eventuelt supplert med medikamentell behandling.
Dei fleste med OCD har både tvangstankar og tvangshandlingar
- Tvangstankar er vedvarande tankar, tankebilde, impulsar eller fantasiar som blir opplevd som meiningslaus og tek mykje tid og energi. Dei er årsak til ubehag, angst, av og til isolasjon og er i varierande grad funksjonsnedsettande.
- Tvangshandlingar blir gjort for å hindre dette ubehaget og/eller unngå at noko frykteleg skal skje. Ofte blir dei gjort i bestemte mønstre eller ritual, som til dømes i form av vasking, kontrollering, telling og symmetri.
Behandlinga er eksponering med responsprevensjon (ERP) saman med kognitiv terapi. Denne type behandling viser seg å ha effekt på 60-70 % av personar med OCD. Den startar etter ei grundig utgreiing av dine vanskar og strekk seg vanlegvis over 2-3 månader.
Tilvising og vurdering
For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising.
Lege, psykolog, helsesøster, Barne- og familietjeneste, PPT og barnevern er dei som kan tilvise barn og unge til BUP. Alle tilvisingar skal vere vurdert og skrive under av lege, psykolog eller barnevernsleiar, og det skal brukast eit eige tilvisingsskjema som sendast til den lokale BUP poliklinikk.
Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsvegleiaren "Psykisk helsevern for barn og unge" avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisningar skal vurderast innan 10 virkedagar. Maksimumsfrist for inntak er 12 veker.
Utredning
Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til naudsynt helsehjelp, vil du bli kalla inn til ein inntakssamtale, eventuelt saman med foreldre/føresette.
Før du startar i behandling for tvangsliding må du igjennom ei utgreiing for å avklare diagnosen nærare. Dette for at behandlaren skal tilpasse behandlinga di best mogleg og kunne sjå bort frå eventuelle andre lidingar (komorbide tilstandar). På bakgrunn av tilvisinga og inntakssamtale vil det bli utarbeidd ein utgreiingssplan som inneheld oversikt over planlagt utgreiing, og den blir lagt fram for deg, evt. saman med føresette.
Utgreiinga vil som oftast vere:
- Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju.
- Relevante skjema som du og evt. føresette skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema).
- Informasjon om sjukdomshistoria di (anamnese, inklusiv familieanamnese).
- Observasjonar frå behandlarar (kliniske observasjonar).
Etter at utgreiinga er ferdig vil det bli gjennomført ein diagnostisk vurdering, som inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og forslag til tiltak.
Funn i samband med utgreiinga ved BUP poliklinikken kan føre til ei intern tilvising til vårt OCD-team. Når tilvisinga er vurdert, vil du bli kalla inn til utgreiing og eventuell behandling. Utgreiinga og behandlinga ved OCD-teamet er spesialisert og tidsavgrensa.
OCD-team
Vi har spesialteam ved BUP Molde og BUP Ålesund som arbeider med OCD-pasientar. Du blir først tilvist til lokal BUP som videre sender ei intern tilvising til behandling i OCD-teamet. Utgreiinga skjer då ved BUP Molde eller BUP Ålesund og deler av behandlinga kan òg skje her, men den kan også bli gjennomført ved heimebesøk eller ved hjelp av videokonsultasjon. Korleis behandlinga skal leggast opp og kor vi skal møtast, blir vurdert individuelt.
Behandling
Vi utarbeider ein behandlingsplan på grunnlag av utgreiinga. Denne inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og foreslåtte tiltak. Planen blir drøfta og justert i samråd med deg, eventuelt saman med foreldre/føresette.
Det finst fleire behandlingsmetodar for OCD. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Den primære behandlinga skjer med kognitiv terapi saman med eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP). I behandlingstida kan det vere aktuelt å tilby deltaking i gruppe for personar med liknande problematikk/tvangsliding.
Oppfølging
Etter fullført behandlingsforløp blir det gjennomført ny gjennomgang av grunnleggjande kartleggingsintervju for tvangslidingar. Dette blir som regel gjort av ein annan behandlar og skal bidra til å sikre at opplevd behandlingseffekt er reell.
Det blir gjennomført kontrollar av status 3 og 6 månadar etter avslutta behandling. Ved behov blir såkalla booster-timer (repetisjonstimar) utført i samband med kontrollane. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg må ytterlegare behandling bli vurdert. Din eigeninnsats er heilt avgjerande for vellukka behandlingsresultat, men også for å opprettholde fråveret av tvangslidinga.
Behandlingsprogrammet blir avslutta dersom vanskane er borte eller så reduserte at funksjonsnivået har auka tilstrekkeleg.
Dersom du er rimeleg symptomfri ved kontroll etter 3 månadar, vert saka avslutta og henvisande poliklinikk sender epikrise. Vi tek likevel ein ny kontroll ved 6 månadar.
Når det gjeld avslutning/oppfølging vil det alltid bli gjort individuell vurdering.