Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Daginkontinens hos barn

Daginkontinens er gjentatt urinlekkasje på dagtid etter at barnet har fylt 5 år. Opp mot 20 prosent av elles friske 5-åringar opplever episodar med inkontinens på dagtid. Blant 7-åringar reknar vi med at 6–9 prosent opplever dette. Informasjonen under gjeld for barn som er 5 år eller eldre, og som opplever lekkasje av urin på dagtid.

Før konsultasjonen

For barnet kan urininkontinens vere eit stort problem som kan føre til dårleg sjølvkjensle. Sjølv om den medisinske risikoen er låg, bør derfor barnet bli utgreidd og tilbydast behandling frå skolealder.

Ei viktig førebuing før konsultasjon på sjukehuset, er å logge tidspunkt for vasslating, mengde urin og eventuelt lekkasje av urin. Det er også viktig å få med oversikt og tidspunkt for væskeinntak. Vi kallar slik loggføring for «miksjonslister» (miksjon=vasslating).

Ei av dei vanlegaste årsakene til lekkasje hos elles friske barn er ei uroleg blære som vil tømmast sjølv med små urinmengder. Barnet har ofte vanskeleg for å oppfatte signala frå blæra i tide. Ei anna vanleg årsak til lekkasje er at barnet stadig utset vasslating og tissar for sjeldan i løpet av ein dag.

Viktige spørsmål å stille:

  • Er det vanskeleg å starte tissinga?
  • Må barnet presse eller trykke på magen for å få ut urinen?
  • Tissar barnet i omgangar, eller i ein samla porsjon?
  • Er strålen svak, tar det lang tid å tisse?

På sjukehuset

Ved barne- og ungdomsklinikken utfører vi uroflow-målinger (straumdragsmåling). Dette skjer ved at barnet tissar med full blære i eit toalett med ein spesiell målar. I undersøkinga blir tissinga registrert med ei kurve på eit papir. Korga gir informasjon om farten på urinstraumen, om straumen er kontinuerleg eller ujamn, og i tillegg blir det registrert urinmengde og tissetid. Etterpå blir resturinen målt, og vi tar testar med urinstix (urinstrimmel).

Under konsultasjonen

Eventuell behandling vil vere avhengig av årsaka til urinlekkasjane. Det er svært uvanleg å finne underliggande nyresjukdom som årsak til vasslatingsplager. Ved «uroleg blære» kan barnet få medisin (antikolinergika) som gjer at blæra blir rolegare og kan innehalde større urinmengder. Dersom barnet held seg i staden for å gå og tisse når han/ho må (utsett miksjon), er blæretrening med faste tissetider tilstrekkeleg behandling.

Sist faglig oppdatert 14.11.2024