Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Urinsyregikt

Urinsyregikt er ein sjukdom som kjem av opphoping av urinsyrekrystallar i leddvæske med etterfølgjande leddbetennelse. Urinsyregikt i grunnleddet i stortåa er kalla «podagra» eller kaptein Voms sjukdom.

Urinsyregikt kan være svært smertefullt, men de fleste anfall går over av seg selv i løpet av ti dager.

Les meir på helsenorge.no

Årsak og utbreiing

Ved urinsyregikt ser ein forhøgd urinsyrenivå i blodet. Årsaka til dette er anten auka produksjon eller nedsett utskiljing av urinsyre i nyrene. Overskot av urinsyre kan bli omdanna til urinsyrekrystallar i leddvæske. Kroppen reagerer vidare på urinsyrekrystallane ved å lage ein betennelsesreaksjon i leddet. Det blir danna flest urinsyrekrystallar i vev med låg temperatur, eller vev som tidlegare har vore utsett for skade. Stortåa sitt grunnledd er eit typisk slikt ledd.

Urinsyregikt er den vanlegaste inflammatoriske leddsjukdommen, og rammar omtrent 1-2 prosent av den vaksne befolkninga. Hos menn over 75 år er delen kring 10 prosent. Sjukdommen har vorte vanlegare dei siste 50 åra. Dette kan komme av auka levealder og endra matvanar. Gen speler også ei viktig rolle ved utvikling av urinsyregikt.

Symptom og sjukdomsteikn

Eit typisk anfall av urinsyregikt gir raskt aukande smerter, raudheit, varmeauke, hevelse og nedsett funksjon i leddet som blir ramma. Anfallet er som oftast verst etter 12-24 timar, men det tek gjerne fleire dagar eller veker før ledda igjen er utan betennelse. Smertene kan starte om natta eller ofte tidleg om morgonen, og finst hyppigast i ledd i underekstremitetar. Ofte blir eit enkelt ledd angripe. Somme vil etter lang tids sjukdom oppleve å få utfellingar av krystall i omliggjande vev, såkalla tofi. Desse utfellingane kjem ofte til syne i vev nær ledda, i senestrukturar og i slimposar.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Utgreiing

Diagnosen blir stilt på bakgrunn av typiske symptom, og gjerne ved påvising av urinsyrekrystallar etter tapping av leddvæske med sprøytenål. Ultralyd kan brukast til å påvise avleiringar, og av og til blir det også nytta ei spesiell CT-undersøking (Dual energy CT) for å avdekkje urinsyreavleiringar.

Behandling

Auka inntak av alkohol, sukkerhaldig drikke, raudt kjøtt og innmat aukar risikoen for anfall med urinsyregikt. Det same gjeld medikament som inneheld salisylsyre, som Albyl-E og vassdrivande medisinar.

Akutte anfall med urinsyregikt blir ofte behandla effektivt med betennelsesdempande medisin i form av kolkisin eller NSAIDS (til dømes Naproxen eller diklofenak). Medisinen kolkisin kan vere effektiv om ein startar behandlinga heilt tidleg i anfallet, og pasientar med fleire anfall bør derfor ha denne medisinen klar. Prednisolon blir særleg brukt dersom fleire ledd er angripne, eller dersom kolkisin eller NSAIDS ikkje hjelper eller ikkje kan brukast. Kortisoninjeksjonar i vonde ledd er svært effektive og er ei behandling som dei fleste tolererer godt.

Allereie når diagnosen blir stilt bør ein diskutere førebyggjande behandling mot nye anfall. Førebyggjande har som mål å redusere urinsyrenivået i blodet, slik at det ikkje oppstår nye krystall med følgjande akutte anfall med urinsyregikt. Førstevalet på urinsyresenkande behandling er legemiddel med verkestoffet allopurinol. Den første tida etter oppstart av behandlinga kan ein oppleve auka risiko for akutte anfall med urinsyregikt. Ein nyttar derfor ofte kolkisin som tilleggsbehandling desse månadene.

Den urinsyresenkande medisinen må takast i mange år for å forhindre nye anfall.

Mål

Alle tiltak retta mot urinsyregikt har til hensikt å bli kvitt leddbetennelsen eller toføse danningar med urinsyrekrystallar. Dersom urinsyrekonsentrasjonen i blodet blir senka til under 360 µmol/l (300 µmol/l ved tofi), vil dette etter kvart førebyggje og forhindre nye anfall med urinsyregikt.

Kost- og livsstilsråd ved urinsyregikt

Urinsyre blir danna ved nedbryting av puriner. Ein tredel av purinene kjem frå det vi et og to tredelar kjem frå kroppen sine eigne celler. Kroppen har inga evne til å bryte ned urinsyre, men skil det hovudsakleg ut via nyrene. Eit restriktivt kosthald med lågt inntak av puriner vil ikkje gi tilstrekkeleg reduksjon av urinsyre i blodet til å hindre nye anfall, men med tillegg av legemiddel og andre livsstilsendringar er det mogleg å oppnå ein ekstra urinsyresenkande effekt.

Personar med urinsyregikt har ofte auka insulinproduksjon, høgt blodtrykk, overvekt og høgt kolesterol. Alle desse livsstilsfaktorane er assosierte med auka produksjon av urinsyre og nedsett evne til utskiljing av urinkrystallar. Et sunt kosthald kan gi noko reduksjon av urinsyrenivået i blodet.

Fedme og fasting hemmar urinsyreutskiljinga via ulike mekanismar, medan langsam reduksjon av overvekt har ein motsett effekt. Raskt vekttap blir ikkje tilrådd.

Alkohol reduserer urinsyreutskiljinga i nyrene, i tillegg til at øl også aukar urinsyreproduksjonen ved innhaldet sitt av puriner. Øl (også lettøl) gir såleis mest urinsyrestigning av alle alkoholhaldige drikkevarer, og blir avrådde ved urinsyregikt.

Nyare kosthaldstilrådingar ved urinsyregikt fokuserer i mindre grad på lister med nei-mat og i større grad på ein sunn og variert kost.

Kosthaldstilrådingar

Eit sunt og variert kosthald er viktig ved urinsyregikt. Dette bidreg til å halde kroppen frisk og gjer det lettare å kontrollere vekta.

  • Unngå eller avgrens inntak av alkohol. Alkohol aukar produksjonen av urinsyre og reduserer samtidig utskiljing av urinsyre. Dette gjeld spesielt øl og sprit. Alkoholinntaket bør avgrensast, og for somme er det nødvendig å kutte heilt ut ein periode. Drikk alltid vatn saman med alkohol.
  • Drikk rikeleg, gjerne vatn. Rikeleg væskeinntak vil hjelpe nyrene å skilje ut urinsyra. Unngå energihaldig drikke (brus, jus og mjølk) som tørstedrikk.
  • Ver klar over porsjonsstorleik. Ein stor porsjon mat med lågt innhald av purin kan medføre eit høgare inntak av purin enn ein liten porsjon mat med høgt innhald av purin.
  • Avgrens kjøtt, fjørfe og fisk. Unngå makrell, ansjos, sild og innmat frå dyr og fisk.
  • Reduser feitt i kosten. Spis mindre metta feitt. Vel magre meieriprodukt.
  • Spis grove kornprodukt, grønsaker og frukt. Frukt blir avgrensa til 2-3 per dag.
  • Reduser sukkerinntaket. Unngå fruktose som søtingsmiddel.

Ver merksam på kosttilskot som ei kjelde til puriner. Unngå ølgjær, algebaserte tilskot, tilskot med DNA/RNA, og liknande.

Kosthalds- og livsstilsendringar kan vere utfordrande. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan kartleggje noverande kosthald og gi individuelle råd.

Oppfølging

Dei fleste som har urinsyregikt kan følgjast av fastlege. Ved sjukdom som er vanskeleg å behandle eller ved hyppige anfall blir ein gjerne vist til revmatolog for vurdering.

Sist faglig oppdatert 24.09.2024

Kontakt

Ålesund sjukehus Revmatologisk poliklinikk

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

1. etasje, fløy DS.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.