Utgreiing hudsjukdommar
Fastlege eller annan lege kan vise deg til hudpoliklinikken for utgreiing av hudsjukdom, seksuelt overførbare infeksjonar, hudkreft, sår, hår- og neglesjukdommar.
Tilvising og vurdering
Tilvisinga som blir send av legen din vil bli vurdert av ein overlege ved hudavdelinga. Dersom det er medisinsk indikasjon for vurdering og behandling i spesialisthelsetenesta, vil du bli innkalla til konsultasjon.
Før
Om du har hudsjukdom eller hudforandringar i ansikt er det viktig at du møter utan sminke.
Ved sjukdom på område som vanlegvis er dekt av klede må du vere førebudd på at du må kle av deg.
Bruker du medisinar blir det bede om at du tek med ei liste over kva medisinar du bruker. Dette gjeld også eventuelle salver og kremar mot hudsjukdom.
Under
Når du møter til timen vil legen ofte ha behov for fleire opplysingar enn det som står i tilvisinga. Du kan mellom anna få spørsmål om tidlegare eller andre sjukdommar, om du tidlegare har fått behandling mot hudsjukdom og om det er nokon i familien din som har hudsjukdom eller noko liknande som deg.
Det er viktig at du informerer legen om du har kjende allergiar.
Det kan bli aktuelt å ta hudprøve (hudbiopsi), fjerne hudforandringar, ta blodprøver, penselsprøver eller avskrap av huda.
Ved hudbiopsi eller fjerning vil det setjast lokalbedøving og i dei fleste tilfelle vil det vere behov for å sy nokre sting.
Etter
Alle dei vanlegaste prosedyrane som blir gjorde under utgreiing er enkle inngrep og du kan reise heim etterpå.
Du vil få informasjon om korleis du forheld deg etter prøvetaking og når du kan forvente å få svar på eventuelle prøver som er tekne.