Ved mistanke om vaskulittar i huda er det nødvendig med fleire undersøkingar, som hudbiopsi, blod- og urinprøve.
Vaskulittar i hud
Betennelse i blodåreveggen blir kalla vaskulitt. Alvorlege vaskulittar rammar indre organ i tillegg til huda. Det finst mindre alvorlege vaskulittar som nesten berre rammar hud. Vaskulittar kan vere alvorlege sjukdommar som blir greidde ut, diagnostiserte og behandla i spesialisthelsetenesta. Symptom og funn vil vere ulike og avheng av kva delar av kroppen som er ramma.
Tilvising og vurdering
Fastlegen tilviser til hudspesialist.
Utredning
Behandling
Mindre alvorlege vaskulittar som berre affiserer hud, blir behandla av hudlege eller fastlege. Det kan vere nødvendig med tilvising til revmatolog/revmatologisk avdeling for å avdekke om sjukdommen finst i andre organ.
Vanlegvis er det behov for sjukdomsmodifiserande behandling som dempar immunsystemet. Behandlinga kan strekke seg over fleire år.
Etter
Du vil bli følgt opp regelmessig. Kor ofte avheng av kor alvorleg sjukdommen er, og kva behandling du får.
Etter nokre år, og dersom sjukdommen er stabil, blir kontrollane sjeldnare. I nokre tilfelle overtar fastlege ansvar for kontrollane.
Om du får aukande symptom mellom kontrollane, må du raskt kontakte lege.








