Undersøking
Vurdering for kransåresjukdom ved Ålesund sjukehus
Tronge blodårer til hjartet kan gi symptom som brystsmerter og/eller tungpust i samband med aktivitet. Her er informasjon til deg som er henvist og har fått time til konsultasjon for dette.
Før
Sørg for at blodprøvene er tatt i god tid, seinast 1 veke før undersøkinga. Prøvene takast fastande.
Under
Konsultasjonen består av EKG, puls og blodtrykksmåling hos sjukepleiar og deretter samtale og undersøking hos lege, inkludert bruk av handhaldt ultralyd for undersøking av hjartet. Enkelte pasientar kan bli anbefalt å utføre ein belastningstest på sykkel eller tredemølle. Dersom dette anbefalast for deg, vil det bli planlagt ein ny time på dagtid innan kort tid til ei slik undersøking.
Den fysiske belastningstesten vert utført ved at du syklar på ergometersykkel eller går på tredemølle. Gje beskjed til medisinsk poliklinikk dersom du har plagar som medfører at testen ikkje kan utførast ved ein av desse metodane, slik at planlegginga av undersøkinga kan tilretteleggast.
Etter
Vi ser helst at du ventar ca. 1/2 time etter testen før du reiser heim frå sjukehuset.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for hjartesjukdommar
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i 2. etasje i lågblokka på sjukehuset.
Opningstider
- I dag STENGT
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5