Pasientjournal

Pasientjournalen din er ei samling av opplysingar om helsehjelp du har fått. Som pasient har du rett til innsyn i alle dokument i din eigen pasientjournal. Ved forespørsel om innsyn i journal sendes journalen til deg på Helsenorge.no

In​nsyn i pasientjournal

All pasientbehandling skal dokumenterast i pasientjournalen. Du kan be om å få innsyn i journalen.

Bestillingsskjema journalinnsyn (word)

Som pårørande kan du be om innsyn i journal dersom du har fullmakt til dette.

Dersom du som pårørande skal be om innsyn i journalen til ein som er død, skal du kontakte Norsk helsearkiv. 

Her finn du meir informasjon og oversikt over journalar i Norsk helsearkiv​

For journalar som ikkje er i oversikta til Norsk helsearkiv, skal du framleis ta kontakt med Helse Møre og Romsdal via skjemaet over (Bestillingsskjema journalinnsyn). ​


 

Utskrift av journallogg

Du kan be om å få innsyn i logg som viser kven som har hatt tilgang til den elektroniske pasientjournalen din.

Bestillingskjema for journallogg (word)

 

​Sperre eller opne journal

Viss det er naudsynt for å sikre at du får forsvarleg helsehjelp, kan helsepersonell dele helseinformasjonen din.  Du har rett til å motsette deg dette. I såfall må du gi beskjed om dette på behandlingsstaden.

Bestillingsskjema for å sperre/opne journal (word) 

 

Les meir om rett til innsyn (Helsedirektoratet) 

Sist oppdatert 31.08.2023