We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Metodebok for medisinsk biokjemi og blodbank

I metodeboka vår har vi samla nyttig informasjon som er eit viktig bidrag til god samhandling mellom våre rekvirentar og Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i Volda, Ålesund og på SNR.

Analyseoversikt og informasjon frå medisinsk biokjemi og blodbank finnast i Metodebok.no. Send oss gjerne innspel til innhaldet!

Her finn du også analyseoversikt for dei medisinske laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Metodeboka vår kan også lastas ned som App på Google Play og i AppStore

Akkreditering

Analysar som er omfatta av akkreditering er tilgjengelig under Analytisk variasjon​ og i akkrediteringsdokumentet Akkrediteringsomfang/Norsk Akkreditering (akkreditert.no). Dette gjeld for seksjonen i Ålesund. 

Ålesund er innvilga fleksibel akkreditering. Det vil seie at seksjonen kan gjere endringar i akkrediteringsomfanget fortløpande. Oppdatert oversikt finnast her: Akkrediteringsomfang - Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund. Ved manglande samsvar er det dette dokumentet som gjeld.

Om metodeboka, referanseintervall og analytisk variasjon og 

Ikkje alle analyser blir utført ved alle laboratoria. Ålesund og Hjelset vil naturlegvis ha det mest omfattande repertoaret, og prøver vil bli sendt mellom sjukehusa for analysering.

Metodeboka inneheld relevant informasjon om rekvirering, svartid, og dessutan informasjon om prøvetaking og innsending av prøver.

Dei ulike laboratoria har kome fram til sine referanseintervall som resultat av mange ulike vurderingar. For dei vanlegaste analysane innan klinisk kjemi er det innført felles referanseintervall i Norden (NORIP). 

Vi håper metodeboka gir verdifull informasjon. Den kan likevel ikkje erstatte lærebøker. For dei som vil ha breiare oversikt, vil vi sterkt anbefale «Laurell: Klinisk kjemi i praktisk medisin, Studentlitteratur, Lund» og: «Brukerhåndbok i medisinsk biokjemi av Stakkestad og Åsberg, utgitt på Akademisk forlag, Haugesund».

Vi håper metodeboka vil vere til nytte. Vi er takknemlege for alle forslag som kan gjere den betre.

Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank.

Sist oppdatert april 2026 

 

Marie Nora Roald
Avdelingssjef
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank
Klinikk for diagnostikk
Helse Møre og Romsdal
marie.nora.roald@helse-mr.no 
Telefon 70 10 56 31

Kvalitetssikring av laboratorietenester

Kvalitetspolitikk

Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank skal følgje dei standardar og målsettingar som er beskrive i klinikken sitt styringssystem. Klinikken følgjer prosedyrar og retningsliner som er gitt av overordna nivå i helseføretaket og frå statleg hald.

For den akkrediterte eininga i Ålesund, skal styringssystemet vere i samsvar med NS-EN ISO/IEC 15189.

Klinikk for diagnostikk skal sørgje for at brukarane er kjent med klinikken sin kvalitetspolitikk.

Leiinga ved Klinikk for diagnostikk pliktar å sørgje for at alle medarbeidarane er kjent med styringssystemet og er i stand til å bruke dette effektivt i arbeidet. Leiinga vil sørgje for dette ved kontinuerleg opplæring og ved å føre tilsyn gjennom interne revisjonar.

Leiinga forpliktar seg til å utvikle styringssystemet, med det som mål å stadig forbetre klinikken sine tenester.

Praktiske mål følgjer av dei overordna måla

For pasienten betyr dette:

  • at han/ho blir møtt med respekt og omtanke
  • at han/ho får nødvendig informasjon
  • at prøver blir tatt utan unødvendig plage og venting
  • at analyseresultata er pålitelege

For rekvirenten betyr dette:

  • at prøvene blir tatt til rett tid
  • at Ø-hjelpsprøver blir analyserte og svart ut raskt
  • at andre analyser blir utført innan rimeleg tid
  • at resultata er pålitelege
  • at resultata blir rapporterte til rett tid

For dei tilsette betyr dette:

  • at pasientane og kollegaene blir behandla med respekt og omtanke
  • at prøver blir tatt, behandla og analysert på korrekt måte
  • at rett resultat kjem til rett pasient til rett tid
  • at alle gjer det dei kan for å halde inngådde avtalar (opningstid, prøvetaking m.m.
  • at alle arbeider kvalitetsbevisst opp mot klinikken sine kvalitetsmål og tar ansvar for kvaliteten på eige arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar og retningsliner.

For føretaksleiinga betyr dette:

  • at personlege og økonomiske ressursar blir utnytta mest muleg effektivt
  • at arbeidet blir utført på ein måte som skaper godt omdøme for arbeidsplassen

Akkreditering

Ved Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund er prøvetaking, det meste av aktiviteten på blodbanken og cirka 85 % av analysevolumet akkreditert etter NS-EN ISO/IEC 15189. Denne standarden stiller spesifikke krav til laboratoriet sitt personale, opplæring, internkontroll, utstyr, prosedyrar, arkivering, tilgjengelegheit og anna. For å oppretthalde akkrediteringa, blir laboratoriet vurdert av eksterne bedømmarar om lag ein gong årleg.
Ei oversikt over akkrediterte analyser finst i Metodeboka vår, og er også angitt under kvar analyse i analyselista. 

Oversikt over dei ulike rekvisisjonsblankettane

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal
Bl.nr: 9001: Bestilling av blodprodukt (for primærhelsetenesta). Finnast i vedlegg til prosedyre "Transfusjon av blodkomponantar utanfor sjukehus" for dei einingane som har avtale med blodbankane.  

Medisinsk biokjemi Ålesund og blodbank (MBBÅ):
Bl.nr: 1213: Rekvisisjon Blod Plasma Serum MBBÅ (til bruk i primærhelsetenesta). Originalrekvisisjon i papir kan bestillart der du bestiller laboratorierekvisita frå oss. 
Bl.nr: 1022: Rekvisisjon for svangerskapsimmunologi
Bl.nr: 1047: Rekvisisjon for Allergiprøver 
Bl.nr: 1101: Rekvisisjon Misbruksanalyser i urin

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda (MBBV):
Polikliniske pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBBV

Medisinsk biokjemi og blodbank SNR (MBBSNR):
Polikliniske pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBBSNR

Sædundersøkelse - Felles rekvisisjon Helse Møre og Romsdal
Bl.nr: H001: Rekvisisjon for sædundersøkelse

Elektronisk rekvirering

Einingar internt i sjukehusa skal rekvirere prøver og blodprodukt elektronisk i føretaket sitt journalsystem.

Elektronisk rekvirering er, på lik line med rekvirering på papir, ei kontraktsinngåing med laboratoriet. Til grunn for denne praksisen ligg kjennskap til laboratoria sitt rekvisisjonsskjema og laboratoria si handbok.

Interne rekvirentar: Prosedyre for rekvirering i Helseplattforma finnast i Helseforetaket sitt kvalitetssystem. Sjå EQS ID: 20637 HP Lab og bildediagnostikk.

Eksterne rekvirentar: Opplysningar om HP Link, elektronisk rekvirering, finn du på denne internettsida.​

Kontakt med rekvirentane

Vi ønskjer å vere ein aktiv samarbeidspart for rekvirentane våre. Vi vil gjerne ha ein lav terskel for kontakt både internt i sjukehusa og overfor eksterne rekvirentar.

Våre brukarar kan, når dei måtte ønskje det, ta kontakt med Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank for å få råd i tekniske spørsmål og i saker av laboratoriemedisinsk karakter. Det inneber også at rekvirenten kan besøke laboratoria for å bli kjent med våre rutinar og vår kvalitetspolitikk.

Vi vil gjere det vi kan for å utvikle tenestene våre for å ivareta alle brukarar sitt behov for ei moderne laboratorieteneste. Har du synspunkt på dette, ta gjerne kontakt med oss på telefon eller på e-post til marie.nora.roald@helse-mr.no

Klinikk for diagnostikk samarbeider med Noklus (Norsk kvalitetsforbetring av laboratorieundersøkelser) i saker som gjeld kvalitetssikring av prøvetaking og anna informasjon overfor brukarane i primærhelsetenesta.
Elles informerer Klinikk for diagnostikk sine brukarar via rundskriv og via Bioposten:  https://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-diagnostikk/bioposten

Tilvising av pasientar til prøvetaking

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank mottar pasientar for prøvetaking måndag til fredag. Opningstider finnast i metodeboka vår og på nettsidene til kvar enkelt seksjon. 

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank sin poliklinikk er først og fremst for sjukehusa sine pasientar. Vi tar også imot barn og andre pasientar som er vanskelege å ta prøve av frå legekontora.

Pasientane må ha rekvisisjon frå lege. For prøvetaking til vanlege prøver treng ein ikkje bestille time. For belastningar og spesielle prøver ber vi om at rekvirentane tar kontakt med "sitt" laboratorium på førehand. Ver merksam på at ikkje alle analysar til andre laboratorium kan takast på fredager, på grunn av haldbarheit ved sending. 
Glukosebelastingar på gravide, rekvirert av jordmor eller fastlege, utførast i primærhelsetenesta.

Vi set pris på om det blir tatt kontakt med laboratoriet dersom andre pasientar blir sendt til sjukehusa sin poliklinikk for prøvetaking.

Last updated 4/24/2026