Hudpoliklinikken SNR Kristiansund
Vi undersøker og behandlar pasientar med hudsjukdomar. Dei fleste tenestene våre er lokalisert i Kristiansund. I tillegg har vi lysbehandling ved Høvdingbygget i Molde sentrum.
Kontakt
Telefon
Ekspedisjon
71 12 20 15-
Måndag - Fredag
- 8:00 AM - 11:00 AM
- 1:30 PM - 2:30 PM
- Laurdag - Søndag STENGT
Sjukepleiar
71 12 20 22Videokonsultasjon
Behov for å endre timen din?
HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.
Slik får du time hos oss
Pasientar må ha skriftleg tilvising frå fastlegen sin for å få time ved hudpoliklinikken. Hudlegen vurderer alle tilvisingar og gir prioritering etter gjeldande retningslinjer. Vi vil legge til rette for eit godt behandlingstilbod og ønskjer å skape ei god og trygg atmosfære for pasientane våre.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.
Lysbehandling i Molde finn du i Høvdingbygget i Molde sentrum. Første til venstre når du kjem inn.

SNR Kristiansund
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

SNR Molde
Byfogd Motzfeldts gate 8



