We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Rusbehandling TSB langtids døgn Molde

Hos oss får du meir enn berre hjelp til å slutte med rus. Vi veit at rus ofte handlar om mykje meir – vonde opplevingar, kjensler som blir for sterke eller for tomme, og behov for å rømme frå det som gjer vondt. Mange som kjem hit har opplevd traume, og mange strevar også med angst, uro, sinne, sjølvskading eller andre psykiske plager. Du er ikkje åleine. Vi tilbyr ein trygg stad å lande, med tid til å jobbe med både rus, kjensler, tankar og livssituasjonen din – i ditt eige tempo.

Kven er tilbodet for?

  • Du som er over 18 år og ønskjer hjelp til å komme ut av rusen.
  • Du som slit med både rus og psykiske vanskar (ROP)
  • Du som er gravid og bruker rusmiddel.
  • Du som sonar med rusdom (§12 eller ND-program).
  • Vi har moglegheit for behandling av par som ønskjer det.
  • Vi har  særleg fokus på kvinner i behandling. Dei bur på ei eiga fløy, deltek i eigne grupper og har kveldar der dei samlast til middag og gjer noko hyggeleg saman.

Kva kan du få hjelp med hos oss?

Behandlinga hos oss er langvarig (6 månader med moglegheit for inntil 3 månader forlenging) og blir tilpassa deg og det du treng. Vi startar med å bli kjende og finn ut saman kva du ønskjer å jobbe med.

Vi tilbyr:

  • DBT-RUS: Ei gruppe der du lærer å handtere kjensler, kriser og relasjonar utan å bruke rus.
  • Narrativ eksponeringsterapi (NET): Ein metode for å behandle vonde opplevingar og traume du har med deg.
  • Utgreiing av psykisk helse: Moglegheit for utgreiing av psykisk helse, dersom det er aktuelt
  • Individuell oppfølging: Samtalar med kontaktpersonen og behandlaren din.
  • Miljøterapi: Du får trene på å handtere kvardagen, byggje rutinar, og vere ein del av fellesskapen.
  • Fysisk trening og turgåing: Du får tilbod om å vere med på HIT (høgintensiv intervalltrening), fjellturar og annan aktivitet.
  • Familiesamtalar og nettverksjobbing: Vi hjelper deg med å rydde i relasjonar og få støtte der det er mogleg.
  • Ettervern og kontakt med hjelpeapparat: Vi samarbeider tett med NAV, fastlege, poliklinikk og andre undervegs i opphaldet.

Korleis er det å vere her?

Behandlinga går føre seg i ei døgnavdeling i Molde, i rolege omgivnader, 20 minutts gonge frå sentrum. Du bur her saman med andre i same situasjon – og blir del av ein fellesskap. Du får ansvar i kvardagen: laga mat, halde orden, vere med i møte – og ikkje minst: lære korleis du kan takle stress og kjensler på ein ny måte.
Vi bruker miljøet her som ein treningsarena – for livet vidare.

Treningsreiser og utflytting

Når du har vore her ei stund og vi har laga ein plan saman, byrjar du å trene på livet utanfor. Du får dra heim på det vi kallar «treningsreiser», der du får prøve ut det du har lært. Vi hjelper deg å planleggje kva du treng for å meistre, og er med deg heile vegen.

Kven kan tilvise meg til Molde Behandlingssenter?

  • Spesialisthelsetjenesten
  • Fastlege eller lege på sjukehus
  • NAV eller kommunen
  • Fengselshelsetjenesten
  • Eller andre som jobbar i helsevesenet og har tilvisingsrett
Henvisningen blir send til:

TSB Helse Møre og Romsdal, Ålesund behandlingssenter, Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Eit fagteam vurderer tilvisinga, og du får svar innan ti arbeidsdagar.

Om DBT og NET – litt meir om metodane vi bruker

DBT-RUS (Dialektisk åtferdsterapi for rusavhengnad)

Mange som slit med rus har også kjent på sterke kjensler, uro, sinne, tomleik, sjølvskading eller problem i relasjonar. DBT hjelper deg å forstå og handtere kjenslene dine – utan å ruse deg. Du lærer nye ferdigheiter som gjer deg betre rusta til å stå i livet, også når det blir vanskeleg.
Du går i gruppe to gonger i veka i 11 veker – saman med andre som også vil finne nye måtar å handtere livet på.

NET (Narrativ Eksponeringsterapi)

NET er for deg som har opplevd mange vonde ting – overgrep, vald, tap eller andre traume. I trygge samtalar med NET-terapeuten din, jobbar de saman med livshistoria di. Målet er å få meir ro, forstå deg sjølv betre og få plass til heile deg – også det som har vore vondt.

Du er viktig – og det finnes håp

Vi veit at endring er mogleg, sjølv når det kjennest umogleg. Du treng ikkje ha alt på stell før du kjem. Det viktigaste er at du ønskjer å gjere ei forandring – og er villig til å prøve.

Vi møter deg med respekt, ærlegdom og varme.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Molde behandlingssenter ligger idyllisk til like ved Kongebjørka og Moldemarka med panoramautsikt over fjord og fjell. 
15-20 minutters gange fra sentrum

 

A row of houses

Molde behandlingssenter

Glomstuvegen 50

6412 Molde