We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Ny hovudinngang frå 1. oktober
1. oktober opna den nye hovudinngangen ved Ålesund sjukehus. Samtidig har vi fått frivillige sjukehusvertar som kan svare på spørsmål og hjelpe deg til å finne fram på sjukehuset. Den gamle hovudinngangen vart stengt frå same tidspunkt.
Vi gir tverrfagleg spesialisert habilitering til pasientar over 18 år med komplekse og samansette funksjonshemmingar. Tilbodet er knytt til medfødde eller tidleg erverva nevrologiske og nevropsykiatriske lidingar, gjennomgripande utviklingsforstyrringar og genetisk betinga tilstandar.
Våre tenester
Diagnostisering og tverrfagleg utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov.
Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø.
Kurs/opplæring til pasient, pårørande og samarbeidspartar.
Psykoedukative gruppetilbod.
Spesialisert habilitering har eit nært samarbeid med andre fagområde i Helse Møre og Romsdal. For eksempel habilitering av barn og unge, nevrologisk avdeling og psykisk helsevern.
Bistår kommunane
Vi bistår kommunane ved førebygging, utforming og gjennomføring av tiltak der ein brukar tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. Kapittel 9)
Tilvising
Den som tilviser er som regel fastlegen, eventuelt i samarbeid med andre instansar i kommunehelsetenesta. Det er viktig at tilvisinga inneheld god informasjon slik at vi kan gjere ei best mogleg vurdering. Dette gjeld mellom anna informasjon om medikamentbruk, epikriser frå tidlegare utgreiingar og personen si sjukehistorie.
Habilitering omfattar ofte både individ- og miljøretta tiltak, og vil involvere mange samarbeidspartar. Før tilvising blir sendt, bør ein drøfte problematikken med aktuelle samarbeidsinstansar lokalt, som for eksempel i ansvarsgruppe eller med kommunal koordinator.
For at vi skal kunne hjelpe best mogleg ber vi deg som pasient om løyve til å innhente informasjon frå andre instansar.
Desse kan bli tilvist til spesialisert habilitering
Ein kan bli tilvist til spesialisert habilitering ved for eksempel:
Mistanke om gjennomgripande utviklingsforstyrring (autismespektertilstand).
Mistanke om psykisk utviklingshemming - kognitiv svikt.
Følgetilstandar av medfødde eller tidleg erverva skade i sentralnervesystemet sentralt og perifert (t.d. CP, MMC) og følgetilstandar av muskelsjukdommar (t.d. Duchenne).
Betydeleg språk-/kommunikasjonsvanskar hos personar som tilhøyrer målgruppa.
Åtferdsvanskar hos personar som tilhøyrer målgruppa.
Psykisk liding i målgruppa, med særleg merksemd på dei som har moderat eller alvorlig/djup utviklingshemming.
Mistanke om demens hos pasientar som tilhøyrer målgruppa.
Vanskar knytt til seksualitet i målgruppa.
Andre behov for spesialisert habiliteringsarbeid som følge av funksjonsnedsetting og pasienten sitt behov for tilrettelegging.
Når det gjeld psykisk liding hos personar med psykisk utviklingshemming og autismespektertilstandar, har spesialisert habilitering og allmenpsykiatrien eit delt ansvar.
Ventetid
Vi har faste inntaksmøte, og vurdering skal skje innan 10 arbeidsdagar frå vi har motteke tilvisinga. Denne blir vurdert individuelt og prioritert ut frå «Prioriteringsveileder – habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten». Som hovudregel får ein time i første brev.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål som gjeld tilvisinga, arbeidsform eller kva slags tilbod tenesta kan gi!
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Du får tildelt ein saksansvarleg som har hovudansvaret for vidare oppfølging i habiliteringstenesta.
For at vi skal kunne hjelpe deg best mogeleg, vil vi be om tillating til å hente inn informasjon frå andre instansar. Vi kan ikkje gjere dette før vi har fått samtykke frå deg eller vergen din.
Vi har teieplikt, og det er du som bestemmer kven som skal få opplysingar om deg og din sjukdom.