Etter utskriving blir du følgt opp med nødvendige blodprøver og polikliniske timar. Du vil ha open retur tilbake til sengeposten ved klinisk forverring, problem med pumpa eller kateteret ditt. Viss du opplever problem med pumpa eller kateteret, må du kontakte sjukehuset med ein gong!
Dagleg aktivitet
Pumpen blir oppbevart i ei skulderveske eller i eit magebelte. Ha pumpa ved sida av deg i senga eller på nattbordet. Unngå å dekke til utstyret med dynen eller puta, då dette kan føre til at legemiddelet blir for varmt. Du kan utføre vanlege aktivitetar medan du er tilkopla pumpa. Unngå at antibiotikaposen kjem i direkte kontakt med sollys og hald avstand frå peisar/omnar som kan varme opp legemiddelet.
Venekateter
Det skal alltid vere ein steril bandasje over innstikkstaden. Bandasjen skal skiftast minst ein gong i veka av sjukepleiar. Kateteret er ikkje sydd fast og blir halde på plass med eit "låseplaster". Ta kontakt med legen eller sjukepleiaren din viss:
- Det er teikn til rødhet og/eller hevelse rundt staden der kateteret er lagt.
- Du observerer teikn til lekkasje frå infusjonssettet eller innstikkstaden.
- Du observerer at kateteret har sklidd ut.
- Du får feber og frysningar. Dette kan vere teikn på ein infeksjon.
- Det er vedvarande bløding.
Dusjing
Du må vere tilkopla pumpa også dersom du skal dusje. Pumpa toler kondens, men ikkje vatn. Det blir tilrådd at pumpa er utanfor dusjen. Pumpa må ikkje ligge på eit vått underlag. Vern pumpa til dømes med ein plastpose eller pakk den inn i ein handduk. Før dusjing dekker du heile kateteret med kompressar og dusjbandasje. Viss bandasjen blir fuktig, må han bytast av sjukepleiar. Legg dusjing til den dagen sjukepleiaren skal byte bandasjen rundt venekateteret ditt.
Antibiotikaposar
Antibiotikaposer eller antibiotikapumper blir produsert på sjukehusapoteket. Antibiotikaposen er haldbar i 24 timar under infusjon (romtemperatur) og fleire dagar i kjøleskapet (avhengig av type antibiotika).
Legg antibiotikaposane i kjøleskapet med ein gong du kjem heim. Oppbevar antibiotikaposane i midten av kjøleskapet (2-8 gradar). Obs, dei skal ikkje ligge i kjøleskapsdøra eller vere i kontakt med kjøleskapsveggene. Hald dei skild frå matvarer, og dei bør helst ligge på ei eiga hylle i kjøleskapet. Dersom du mottar heimesjukepleie til administrering av antibiotika må du oppbevare antibiotikaen heime i kjøleskapet.
Tomme antibiotikaposar blir leverte tilbake til avdelinga eller på apoteket (pakka inn i plastpose). Viss restavfallet ditt går til forbrenning, kan du legge antibiotikaposane i ein plastpose som blir kasta i restavfallet.
Isoporkassane blir returnerte til sjukehusapoteket eller sengeposten når det er mogleg. Sjukehusapoteket leverer fleire antibiotikaposar heim til deg og tek kontakt med deg ved behov.
Nødvendig utstyr
Viss du manglar utstyr, ta kontakt med sjukehusapoteket. Utstyret kan berre hentast ut på sjukehusapoteket. Utstyret kan hentast eller leverast heim til deg ved behov.