We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Hjarterehabilitering

Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar, har operert kranseårar ved bypass-operasjon eller er klaffeoperert, kan få tilbod om hjarterehabilitering.

 
Hjarterehabilitering finn du fleire stadar i Helse Møre og Romsdal og inneheld trening og undervisning, samt medisinsk oppfølging individuelt og i grupper.

Trening er ein viktig del av rehabiliteringa. Det er trening ein til to gonger i veka alt etter kva slags forløp du får tilbod om. Treninga kan vere ein kombinasjon av digital oppfølging og fysisk oppmøte på sjukehuset, i tillegg til eigentrening. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering. Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil du få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, slik at du blir betre i stand til å meistre sjukdomen og kjenne deg trygg. 

Ofte er det ei tverrfagleg gruppe med sjukepleiar, fysioterapeut, hjartelege og klinisk ernæringsfysiolog som skal hjelpe deg. 

Mål med hjarterehabiliteringa

Eit av måla med hjarterehabilitering er å gjere deg trygg. Vi vil gi deg auka kunnskap om hjartesjukdommen og erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen vil gjere deg bevisst på kva du må passe på for å førebygge ny hending.

Tilvising og vurdering

For å delta på hjarterehabiliteringa må du ha tilvising frå lege. Det skjer som oftast ved utskriving frå hjartemedisinsk sengepost anten ved ditt lokalsjukehus eller St.Olavs hospital i Trondheim. Om du har fått behandling andre stader kan du gå til fastlegen din for å få tilvising. 

Før

Etter utblokking eller hjarteinfarkt kan du vanlegvis starte rehabilitering ei veke etter utskriving. Om du er hjarteoperert kan du starte med rehabilitering fire til seks veker etter operasjonen, men allereie første veka etter hjartehendinga bør du kome i gong med å gå lette turar heime. 

For å delta på hjarterehabilitering må du ha eit visst fysisk funksjonsnivå. Du må kunne klare å gå ein tur på 15 - 30 minutt på flat veg. Samtidig må du vere motivert for trening. 

Svare på spørreskjema

Dersom du høyrer til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) eller Ålesund sjukehus vil du motta ei tekstmelding (SMS) frå oss med lenke til denne informasjonssida slik at du kan gjere deg kjent med rehabiliteringstilbudet aller først. Dernest får du ein ny SMS der vi ber om at du loggar deg inn med BankID og svarar ut nokre enkle avkryssingsspørsmål. Vi brukar svara dine til å planlegge helsehjelpa di best mogleg.

Du kan også krysse av for at du ønsker å avvente i ein månad viss du ikkje er heilt klar til å ta stilling til hjarterehabiliteringstilbodet enno. Då avventar vi og sender ut den same SMS-en på nytt ein månad seinare.

Vidare vil du tre dagar etter at vi har motteke tilvisinga di få tilgang til vår digitale hjarteskule via SMS. Du må også her logge inn med BankID. 

Du må gjerne ta kontakt med oss på hjarterehabiliteringa når som helst viss det er noko du lurer på. Kontaktopplysningane og kontortider finn du lengre nede på denne sida.

Dersom du høyrer til Volda sjukehus vil du få tilsendt vår digitale hjarteskule.

Under

Hjarterehabiliteringa består av både undervising, trening og medisinsk oppfølging. 

Hjarteskule

Få dagar etter vi har motteke tilvisinga di vil du få tilgang til vår digitale hjarteskule via SMS. Du må også her logge inn med bankID.

Aktuelle tema for hjarteskulen er:

  • Hjartevennleg kosthald
  • Blodtrykk
  • Kolesterol
  • Fysisk aktivitet
  • Stressmeistring
  • Hjartemedisinar
  • Behandling av hjartesjukdom
  • Å leve med hjartesjukdom

Nokre sjukehus har tilbod om fysisk undervising også. Du vil få beskjed om dette frå di lokale hjarterehabilitering når du startar.

Trening

Treningane blir leia av fysioterapeut, ofte med sjukepleiar til stades. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.

Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.

Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er til dømes 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert, trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjarterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer til dømes 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.  

Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal - sjå eksempel frå Ålesund under.

Ta med

  • Gode sko
  • Lette treningsklede
  • Drikkeflaske
  • Handduk

Du betaler eigenandel på kroner 403,- for å delta i heile rehabiliteringsforløpet, uansett kva forløp du deltek i. Eigenandelen går inn i frikortet frå Helfo.

Hjarterehabiliteringa tilbyr ulike forløp. Kva slags forløp du får tilbod om blir bestemt ut ifrå tilvisinga og kva ditt lokalsjukehus tilbyr.  

  • Totalt 12 veker
  • 8 veker med trening på sjukehuset
  • Vidare 4 veker heimetrening
  • Undervisinga er digital, i tillegg til eitt fysisk oppmøte
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
  • Samtale med lege i løpet av forløpet
Vi legg opp til 2 treningar per veke med treningsrettleiing for riktig treningspuls, intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Det er viktig å kombinere trening heime og hjarterehabilitering. Etter 8 veker skal du fortsette same trening heime i 4 veker. Dei vekene er viktig eigentrening for å lette arbeidet med å kome inn i gode vanar som du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker.

 

  • Totalt 12 veker
  • 4 veker med trening på sjukehuset
  • 8 veker med heimetrening og digital oppfølging
  • Undervising er digital, i tillegg til eitt fysisk oppmøte
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
  • Samtale med lege etter hjartetest

Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls, intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Vidare 8 veker med eigentrening heime på same måte som øktene på sjukehuset. Du får nettbasert oppfølging kvar veke den perioden. Opplæring om korleis den nettbaserte oppfølginga og kommunikasjonen skal føregå vil du få hos oss. Treningsperioden skal gi deg gode vanar du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker.

  • 5 veker trening på sjukehuset
  • Undervising og diskusjon i gruppe
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Dei som er tilvist grunna hjartesvikt får individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar

Vi har trening to dagar i veka med treningsrettleiing for riktig intensitet, styrke og tryggleik. Treninga skal opplevast frå moderat til anstrengande, og målet er at du skal bli andpusten og sliten. Kvar trening varer i ca 60 minutt.  

 

Treningstider

Du får tilbud om fysisk trening på sjukehuset i 12 veker totalt, opptil 12 timar på sjukehuset. Alle pasientar får ein individuell kontakt med fysioterapeut først. 
SNR Hjelset
Fredagar kl. 12.45.  
I tillegg arrangerer vi fysisk samling ca. kvar 8 veke i forkant av trening. 
SNR Kristiansund
Onsdagar. Deltakar får innkalling til 1 times trening i tidsrommet kl. 09.00-14.00.  
Det arrangeres fysisk hjartekurs - du får nærmare beskjed etter kvart.

Hjarteskule og hjartekurs

Hjerteskulen er digital om blir tilsendt så snart vi har motteke tilvisninga di. Du vil også bli kalla inn til ein  individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar på hjartepoliklinikken. 

Treningstid

Det er fysisk trening på sjukehuset kvar tirsdag og torsdag k. 13.30 - 14.45 i 12 veker, altså 24 timar trening totalt på sjukehuset.

Hjarteskule og hjartekurs

Hjarteskulen blir sendt digitalt til kvar enkelt allereie dag 3 etter vi har motteke tilvisinga di. I tillegg får alle tilbod om fysisk hjartekurs. Dette skjer ein gong i veka i 3 veker. Du får nærmare beskjed om dato/tid etter kvart.

Etter

Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du opprettheld vidare.

Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.

Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trygg på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.

Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.

Sist faglig oppdatert 5/6/2024

Kontakt

  • Ventetid: 5 uker

    Kontakt Poliklinikk for hjartesjukdommar

    Hjarterehabilitering poliklinikk

    70 10 51 43
    • Måndag 7:30 AM - 2:00 PM
    • Tysdag
      • 7:30 AM - 2:00 PM
      • 12:00 PM - 2:00 PM
    • Onsdag STENGT
    • Torsdag 7:30 AM - 2:00 PM
    • Fredag - Søndag STENGT

    Tysdagar i oddetalsveker 12.00 - 14.00.

    Oppmøtestad

    Etasje U1, fløy L. Ta til venstre når du kjem inn hovudinngangen. Like ved ekspedisjonen til medisinsk poliklinikk er trappa ned til hjarterehabiliteringa. Sjekk gjerne inn i HelsaMi når du kjem til venteplassen for hjarterehabiliteringa. 

    Opningstider ekspedisjon medisinsk poliklinikk

    • I dag 8:00 AM - 4:00 PM
    Hovudinngangen sett frå utsida.

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Parkering

    Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

    Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

    Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

    Betalingsalternativ
    • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
    • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
    • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
    • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
    HC-parkering

    HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

    Oversikt over sjukehusområdet

    Map
    Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

     

    Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

    Hovudinngang Ålesund sjukehus
    Åsehaugen 5D
    Administrasjonsbygget
    Åsehaugen 1b
    Akuttmottak
    Åsehaugen 5C
    Apotek
    Åsehaugen 5A
    Audiopedagogen
    Åsehaugen 9
    Dagkirurgi aust
    Åsehaugen
    Barne- og ungdomsavdelinga
    Åsehaugen 11
    Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
    Geilebergvegen 20
    Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
    Geilebergvegen 16
    Habiliteringsbygget
    Åsehaugen 3
    Kreftavdelinga
    Åsehaugen 17
    Psykiatribygget
    Åsehaugen 7A
    Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
    Geilebergvegen 20
    Åse hotell
    Åsehaugen 7
    Åsebøen 1
    Åsebøen 5

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

    Fly

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Ventetid

    5 uker til dag/poliklinikk, individuelt tilbud

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

     

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

    Kafé

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
    Opningstider:
    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Poliklinikk for hjartesjukdommar SNR

    Oppmøtestad

    Hjarterehabiliteringa SNR Hjelset held til ved kliniske støtte funksjoner. Bruk hovudinngangen, ta trapp/heis ned til 1.etg, venterom ved klinisk støtte.

    Hjarterehabiliteringa SNR Kristiansund held til på fysikalsk avdeling. Gå inn hovudinngangen, ta trapp/heis opp til 2.etg, følg skilt til Fysikalsk Avd.

    Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

    Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

    Opdølvegen 4

    6450 Hjelset

    Transport

    Pasientreiser

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss til sjukehuset

    Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

    FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

    PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

    Fly

    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

    Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

    Parkering 

    Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

     

    Parkering

    Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.

    Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside 

    Diagram, map
    Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.

    Kart

    For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

    Finn fram på sjukehuset med Mazemap

     

    Etasjeoversikt SNR Hjelset

     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Apoteket ligg rett til venstre når du kjem inn hovudinngangen til SNR Hjelset. 

    Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket på Hjelset kan du finne her

    Kafé SNR

    Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

    Opningstider

    Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

    Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

     

    Kiosk

    Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Ventetid: 6 uker

    Kontakt Medisinsk poliklinikk Volda

    Oppmøtestad

    Sjukepleiar på hjartehabiliteringa: Gå inn hovedinngangen og ta til høgre. Døra er merka med "Hjertepoliklinikk ".

    Fysioterapeut på hjarterehabiliteringa: Fysioterapautane held til i 0.etg. Ta til venstre i det du går ut av heisa. Følg skilting til Fysioterapiseksjon.

    A large building with a tree in front of it

    Volda sjukehus

    Kløvertunvegen 1

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
    • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
    Map
    1. Hovudinngang
    2. Akuttmottak
    3. Volda DPS
    4. BUP
    • Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
    • Oransje markering: Parkering for HC
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 
    • Lilla: Ladestasjon
    • P: Parkeringsautomatar

     

    ​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

    Ladestasjonar for el-bil

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus

    Fly

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.

    Ventetid

    6 uker til dag/poliklinikk, individuelt tilbud

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

    Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


    På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

    For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

    Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

    Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    08.00–16.30

    Kantina

    Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

    Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
    • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

     

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.