Forskingsnyheiter
Kunstig intelligens i Mammografiprogrammet
Ein ny studie skal undersøkje bruk av kunstig intelligens (KI) i Mammografiprogrammet. Målet er å sjå om KI saman med røntgenlegar kan påvise brystkreft like bra som dagens metode.

Helse Møre og Romsdal tek no i bruk kunstig intelligens (KI) for å tolke mammografibilder. Dette er ein del av studien AIMS Norway (Artificial Intelligence in Mammography Screening in Norway).
Føremålet er å undersøke om kunstig intelligens i kombinasjon med røntgenlegar kan fungere minst like bra for å påvise brystkreft som dagens standardprosedyre i Mammografiprogrammet, der to røntgenlegar vurderer bileta.
Dersom KI kan frigjere radiologressursar utan å påverke screeningkvaliteten, vil dette gje radiologane meir tid til andre oppgåver. Det vil alltid vere minst éin lege som vurderar bileta dine.
Sjå videoen under for meir detaljar.