We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Melde frå om feil i HP

Slik kan våre samarbeidsparter melde frå om feil i Helseplattformen.

Published 4/26/2024
Last updated 9/9/2025
  1. Teknisk feil ved meldingsutveksling skal varslast til meldingsansvarleg på e-post: meldingsansvarlig@helse-midt.no  NB! Dersom du skal bruke denne kanalen, kan du ikkje angi sensitive pasientdata.
  2. Ved melding om feil i Helseplattformen der det er nødvendig å angi sensitive pasientdata, skal du bruke Altinn-skjema (krev innlogging med Bank-id):

Slik bruker du Altinn-skjemaet

Viss du ønsker å fylle ut Altinn-skjema frå verksemda du jobbar i, ikkje som privatperson, må du få delegert tilgang til enkelttenesta «Melding om feil i Helseplattformen (HMR HF)» eller rolla Utfyller/Innsender. Det er tilrådd å berre gi tilgang til enkelttenesta. Her finst informasjon om det å delegere 

Dersom du har fått tildelt tilgang til Altinn-skjemaet som enkeltteneste i din organisasjon før 19 .mai 2025 må du no få tildelt tenesta på nytt. Dersom du har rolla Utfyller/Insender i din organisasjon vil du ha tilgang som før. Skjemaet er også tilgjengelege dersom du loggar inn med BankId som privatperson.

Saker som hastar

Dersom det hastar, ta kontakt med aktuell seksjon direkte eller via sentralbordet:

  • Sentralbord Sunnmøre
    70105000
  • Sentralbord Nordmøre og Romsdal
    71120000
  • Ved alvorlege feil i HP med fare for liv og helse, ring HEMIT
    03612

Support HP-Link

Feil og førespurnader knytt til HP-link skal du melde her: Support – HP Link