Nettverket skal vere ein fast møteplass der fagpersonar frå heile regionen lærer av kvarandre, deler erfaringar og utviklar kunnskap. Midlane som er løyvde til nettverket skal legge grunnlaget for eit langsiktig og robust samarbeid som kjem innbyggjarane til gode.
Den 24. november vart det gjennomført ein regional konferanse med om lag 70 deltakarar, med helsekompetanse som hovudtema. Konferansen vart arrangert med støtte frå Helsefellesskapet Møre og Romsdal, og markerte starten på arbeidet med å bygge ein varig arena for fagutvikling og samarbeid i regionen.
Nettverket skal vere ein ressurs både for kommunane, Helse Møre og Romsdal og brukarorganisasjonar. Gjennom felles møteplassar og samhandling skal vi styrke kjennskapen til kvarandre sine tilbod, og bidra til betre fagleg kvalitet innan læring og meistring i kurs-, gruppe- og opplæringstilbod.
Arbeidsgruppa for nettverket
- Merethe Brungot Kløvning, pårørandekoordinator, Ålesund kommune
- Runhild K. Hauffen, koordinator, Frisklivssentralen i Molde kommune
- Ingunn Botnmark, fysioterapeut, Frisklivssentralen i Vanylven kommune
- Torill Aarskog Skorpen, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal
- Per Magnus Hatlehol, rådgivar, KORUS Midt-Norge
- Marita Øye, rådgiver, Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
- Astrid Ljøkjell Solem, teamkoordinator, Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
