We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Offentlig utdanningsplan

Felles kompetansemål for LIS 2/3

Felles kompetansemål er ei samla oversikt over kompetansemål som gjeld for alle spesialiseringsretningar og for alle legar. Desse omfattar tema som går utover det reint medisinsk-faglege og som skal bidra til å styrkje og utfylle legerolla. Aktuelle tema innan felles kompetansemål er etikk, kommunikasjon, samhandling, forskingsforståing og kunnskapshandtering, kvalitet og pasientsikkerheit, lovverk, pasient- og brukarmedverknad, systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

A few people in a meeting

Foto: Kristin Støylen

Totalt omfattar felles kompetansemål 74 læringsmål som skal gjennomførast i løpet av spesialiseringa. Av desse gjeld 24 læringsmål for LIS2/3. Dei reviderte læringsmåla for LIS del 2/3 vart implementerte 1. mars 2026, og talet på læringsmål i denne delen vart redusert frå 24 til 14.

For legar som har bytt frå gammal til ny ordning, og som gjennomførte turnusteneste før 1. september 2017, er det ikkje krav om å gjennomføre dei 50 læringsmåla som inngår i del 1.

For dei fleste læringsmåla vil kompetanseutviklinga skje gjennom ein kombinasjon av klinisk teneste, kurs og sjølvstudium. Kurs i administrasjon og leiing er eit nasjonalt anbefalt kurs for fleira av læringsmåla og det er lagt opp til at du skal gjennomføre dette. I føretaket tilbyr vi eit todagars kurs i rettleiing og supervisjon, som alle LIS2/3 skal delta på. Kurset er òg tilrettelagt for overlegar, og blir gjennomført med brei deltaking ved alle dei fire sjukehusa. I fagområde der det er relevant, er det forventa at LIS2/3 deltek i organisert pasient-, brukar- og pårørandeopplæring.

 

Last updated 5/5/2026