Årsmelding 2024: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Utdanningsstillingar

Klinikkane meldte i 2024 inn eit behov for i overkant av 50 utdanningsstillingar, og det blei fordelt 25 stillingar totalt

Nedgang i utdanningsstillingar for Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal hadde i 2024, som i 2023, eit oppdrag i Styringskrav og rammer om å auke talet på utdanningsstillingar for sjukepleiarar innan anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon,- og kreftsjukepleie (ABIOK), samt jordmødrer, samanlikna med året før.

I føretaket er det ei arbeidsgruppe for utdanningsstillingar som tek hand om prosessen frå stadiet då klinikkane melder behov for nye utdanningsstillingar, til utlysing, og som støttar klinikk i det vidare rekrutteringsarbeidet. Klinikkane meldte i 2024 inn eit behov for i overkant av 50 stillingar fordelt på dei ulike spesialitetane. Det innmeldte behovet samsvara ikkje med ei auke i tall på stillingar samanlikna med året før (HMR hadde totalt 56 utdanningsstillingar i 2023).

Totalt blei det fordelt 25 stillingar, sjå tabell under.  Studentane som fekk utdanningsstillingar tek i hovudsak utdanninga si ved NTNU Ålesund, men andre studiestader var også aktuelle.

Studiretning og tall
Studieretning Tall
Anestesi 3
Barn -
Intensiv 10
Operasjon 5
Kreft -
Akutt 3
Jordmorfag  4

 

Tilbake til Årsmelding 2024: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Sist oppdatert 14.05.2025