Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2024: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Forord

Utdanningssjef Guro Berge, konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug og seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff ser tilbake på 2024.

En gruppe mennesker som smiler

Helse Møre og Romsdal (HMR) er ein arena for læring og kompetanseutvikling, og må vere rusta for å møte framtidas kompetansebehov. Utdanning og kompetanseheving skal vere ein integrert del av klinisk aktivitet og inngår i planlegging og styring av verksemda.  

En person som smiler til kameraet
Utdanningssjef Guro Berge.

Seksjon for utdanning og kompetanse er ei eining som saman med andre stabseiningar og klinikkane jobbar med utdanningsaktivitetar, og som har dialog ut mot føretakets samarbeidspartnarar på utdanningsfeltet. Seksjonen styrer etter revidert utviklingsplan HMR (2022-2026), og seksjonens arbeid med denne meldinga er i tråd med dei prioriteringar som er gjort der.  

Både for helsesektoren, og for våre samarbeidspartnarar i universitets- og høgskulesektoren, har 2024 vore eit økonomisk krevjande år med fleire innsparingstiltak også inn mot utdanningsaktivitetar. Fokuset i året som har gått har derfor vore på korleis vi kan legge til rette for godt samarbeid mellom sektorane. Noko av det strategisk viktigaste som har rørt seg på utdanningsfronten dette året har vore diskusjonane rundt framtidig utdanningskapasitet og opptak. Dette også med tanke på sentrale og desentrale utdanningstilbod, og samarbeid om praksisplassar på tvers av fylkesgrenser. Korleis kan vi førebu oss på framtidas behov, og korleis kan vi tilby best mogleg utdanningsløp innan helse- og sosialfaga? Korleis bygge kompetanse i regionen? Og kordleis ser vi for oss samanhengen mellom utdanning, kompetanseheving og rekruttering? Det er avgjerande at vi no får eit felles regionalt oppfølgingssystem for den dyrebare ressursen som praksisplassar er for utdanningssatsinga. Tilrettelegging og gjennomføring av praksisstudiar er ei stor og omfattande oppgåve, og føretaket ligg jamt på omlag 1000 praksisplassar i året for studentar innan ulike helseprofesjonar. Dei fleste av plassane er innan bachelorstudiar i sjukepleie, etterfølgt av studentar innan paramedisin. I tillegg til bachelorstudentane tek føretaket imot stadig fleire lærlingar. Nytt av året er lærlingar innan portørfaget, som ein også kan lese meir om i årets melding. Satsinga på medisinutdanninga er også aukande i fylket, og i føretaket jobbar ein mot å kunne ta imot fleire studentar innan denne utdanninga i åra som kjem.   

Med tanke på alle studentar som er innom, kartla vi i 2024 rettleiarkapasitet i føretaket. Vi trur at om kompetansen innan rettleiing er høg vil dette kunne gjere rettleiarrolla meir framtredande, bidra til ein auka kvalitet på praksisstudiane, og slik sett også bidra til rekruttering. Seksjonane tek i mot studentar “året rundt”, og det er derfor nødvendig med kompetanseheving blant dei som allereie er tilsett i føretaket, og forvaltar den viktige rettleiaroppgåva. Over 70 seksjonar svara på kartlegginga, og over halvparten av seksjonane har tilsette med formell praksisrettleiarutdanning. Dette er bra, men med tanke på at alle rettleiarar bør* ha denne utdanninga, så har vi framleis litt å gå på. Nokre seksjonar er no i gong med å utdanne fleire rettleiarar, noko som lovar bra for framtida.  

Føretaket skal ikkje berre satse på utdanning, men kompetansebygging er også eit viktig element. Simulering og ferdigheitstrening er pedagogiske verktøy i den samanheng, og er eit bidrag i pasientsikkerheitsarbeidet. Av fleire grunnar har det i 2024 vore færre ferdigheits- og simuleringsaktivitetar i regi av VirtSim (HMRs Virtuelle simuleringseining)  enn det var i løpet av fjoråret. Det har like fullt vore aktivitetar i samarbeid med både klinikk og eksterne samarbeidspartnarar.  Mellom anna har VirtSim ved SNR jobba for å legge til rette for simulering av akuttflytar i nytt bygg SNR, og i Volda og Ålesund har det blitt jobba med simulering og ferdigheitstrening i sengepost. Det er meldt om at det er sterke ønsker blant tilsette om å delta på ulike opplæringsaktiviteter, men bekymringsfullt at det er krevjande å legge til rette for dette grunna mangel på personell.   

 Satsing på utdanning og kompetanseheving er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid, dermed er det avgjerande med forankring inn i toppleiinga og i lineleiinga i føretaket, og det må settast av tid og ressursar i den kliniske kvardagen. Eg håper meldinga gjer innsikt i noko av det viktige arbeidet som gjerast, og at den inspirerer til å satse vidare inn i framtida.  

 God lesing!  

 

Guro Berge, utdanningssjef i Seksjon for utdanning og kompetanse

 

Seksjon for forsking og innovasjon (SFI) i lag med seksjon for kliniske studiar (SKS) tilbyr ei rekke ulike lokale tenester som skal støtte opp under og fasilitere for forsking i helseføretaket. Seksjonane sitt arbeid er i tråd med prioriteringane i Regional handlingsplan for forsking Helse Midt-Norge (2023-2026). Vår lokale Handlingsplan for forsking HMR (2023-2026) byggjer på denne og fokuserer fleirlokalisering - for å gje pasienten auka moglegheit til å delta i kliniske studiar, satsing på kliniske behandlingsstudiar, betre bruk av helsedata, samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester, støtte til forskarutdanning, styrking av forskingskultur og -grupper, auka finansiering, og brukarinvolvering i forsking. 

En kvinne som smiler til kameraet
Kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug.

 

Det er alltid ein viss usikkerheit mellom planlegging og faktisk gjennomføring av forskingsprosjekt som kan gi stort utslag i tidsplan og bruk av tildelte midlar. Sjølv med fleire risikoavgrensande tiltak har utfordringsbilete i 2024 - med innføring av Helseplattforma (HP), berekraftig bemanning, kapasitet osv. vært særskild krevjande å ta høgde for. Fleire forskarar har måtta utsette prosjekt eller ta permisjon for å bemanne klinikken. I ei intern rapportering for forskingsprosjekt mot slutten av året skisserte ¼ av dei med forskarstillingar eit behov for overføring av tildelte midlar. Fleire har måtte stoppe rekruttering av pasientar til kliniske behandlingsstudiar, og situasjonen for dei utan avsett tid til forsking har vore enno meir prekær. Vi ser dette mellom anna igjen i tala for pasientar som deltek i kliniske behandlingsstudiar og prosjektsøknadar til eksterne finansieringkjeldar. Forskingsoppgåvene er spesielt sårbare for endringar i klinikk og det er ei reell uro for korleis ein skal lukkast med ein jamn aktivitet i dette faget.  

På tross av dei nemnte utfordringane kan HMR vise til brei forskingsproduksjon, og det blei satt publikasjonsrekord i 2024 med 115 artiklar i internasjonale fagfellevurderte vitskapelege tidsskrift. Vi har òg hatt rekordhøge søkjartal til midlertidige forskarstillingar, så engasjementet for å drive forsking internt i HMR er der! 19 personar innehar midlertidige forskarstillingar (tilsvarande 7 årsverk), kor vi no representerer ytterlegare ein helseprofesjon – klinisk ernæringsfysiologi (Kirsti Kverndokk Bjerkan), og ei retning – helsetenesteforsking (Anne Strand Alfredsen Larsen). Seks tilsette fullførte doktorgraden sin i 2024, og vi har til ein kvar tid om lag 40 personar frå ulike fagområde i doktorgradsløp. To søkjarar frå HMR fekk i tillegg tildelt ph.d.-stipend ved årets utlysing frå Samarbeidsorganet. 

Vi har òg etablert ei ny forskingsgruppe, AI in Medical Imaging (AIMI), leia av forskar og medisinsk fysikar Endre Grøvik. Dei andre forskingsgruppene er Forskingsgruppa for OCD og angstlidingar, leia av forskar og psykolog Kristen Hagen, og den ortopediske forskingsgruppa Orto-Forsk, leia av forskar og ortoped Tommy Frøseth Aae. Saman med dei andre tilsett i midlertidige forskarstillingar medforfattar desse kring 50% av dei årleg publiserte artiklane frå føretaket, og 80% er involvert i gjennomføringa av ei eller fleire kliniske behandlingsstudiar. 

Ei kjerneoppgåve er forskingsfinansiering, kor SFI både kontinuerleg og årleg lyser ut interne forskingsmidlar for tilsette som startar med forskingsarbeid og for etablerte forskarar. Dei resultatbaserte øyremerka midla blei tildelt seks 2-årige forskingsprosjekt og 22 mindre såkornsøknadar. Vi finansierar òg interne ph.d.-stipend, kor vi jamt over støttar 10 samtidige stipendiatar gjennom si doktorgradsutdanning (5 årsverk). 

En mann med briller
Seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff.

 

HMR HF har geografisk fleire sjukehus og einingar i fylket, og ein pasientpopulasjonen på omlag 265 000 som krev spesialisert helseteneste. Klinisk forsking - kliniske studiar er ein del av det tilbodet ein skal gje innbyggjarane. SKS er ein seksjon som rår over/koordinerer klinisk personell i full-/deltids stillingar for alle fasar av kliniske behandlingsstudiar, eit nettverk av klinikar-forskarar. SKS støtter både bidrag og oppdragsstudiar kor det er intervensjonar. Den operative hovudeininga er klinisk forskingspost som ein finn i Ålesund sjukehus, ein spesialisert “poliklinikk” . Ein ny klinisk forskingspost med fasilitetar for gjennomføring av kliniske studiar ved det nye sjukehuset på Hjelset er bygd, innreia, og nøkkelpersonell er rekruttert. Eit felles kontorlandskap ved Strandheim tilknytt det nye sjukehuset er og klart, kor ph.d.-stipendiatar, forskarar og lokal forskingsstøtte saman kan ha eit felles møtepunkt og skape eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Det er personell i nettverket på kreftavdelinga (Ålesund/Kristiansund), barneavdelinga (Ålesund), nevrologisk/medisin avdeling (Molde), radiologisk avdeling (Ålesund), medisinsk biokjemi (Kristiansund/Molde), ortopedisk avdeling (SNR) i tillegg til personell i stillingar i SKS. Personellet har realkompetanse i det å planlegge, gjennomføre og avslutte kliniske studiar/prosjekt i lag med den ansvarlege lege i studien. Dei fysiske areala inneheld alt basis utstyr ein treng til arbeidet, i Ålesund har ein f.eks. 6 behandlingsplassar, laboratoriet fasilitetar og frysarar til biologiske prøver. Personellet gjennomfører meir enn 50 ulike kliniske studiar som omfattar pasientar fagområda pediatri, medisin, onkologi, kirurgi, ortopedi, dermatologi, nevrologi, audiologi og obstetrikk med fleire.  

Saman ivaretek og støttar SFI og SKS både klinikarar, forskarar, ph.d.-stipendiatar og arbeider for eit desentralisert tilbod om kliniske behandlingsstudiar til pasientane. Forsking, kliniske studiar, utdanning er sett på som mjuke aktivitetar i eit HF, som kan fort verte ein salderingspost. HMR er særskilt utsett for indre påverknader då personellet som er forskarar omtrent alle er i kombinerte stillingar, det er same personellet HMR bruker til klinikk, forsking og undervisning. Det er viktig at ein på alle nivå i institusjonen jobbar for ein god struktur på aktivitetane, at ein jobbar for å bevare og utvikle aktivitetane slik at vi kan dra nytta av oppbygging ein har gjennomført dei siste 10-15 åra og at vi fortsatt kan klare dei kliniske oppgåvene som vi står over for i dag og i åra som kjem. 

Vibeke Devold Valderhaug, kst. forskingssjef, Seksjon for forsking og utdanning  og Dag Arne Lihaug Hoff, seksjonssjef, Seksjon for kliniske studiar

 
 
 
 
Sist oppdatert 14.05.2025