Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2024 Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Kliniske studiar

I 2024 var det 85 registrerte kliniske studiar i Helse Møre og Romsdal.

I 2021 sette Helse- og omsorgsdepartementet nasjonale mål om å auke talet på kliniske behandlingsstudiar, som påverkar pasientane sin diagnostikk og behandling. Målet for perioden 2021-2025 er å gje 5% av pasientane tilbod om deltaking, helst i sitt heimfylke. Nasjonal deltaking var 3,57% i 2023, noko som tilsvarar at 22 506 pasientar i spesialisthelsetenesta fekk eit tilbod.

I Helse Møre og Romsdal (HMR) har vi konseptet «forskingspost», ein poliklinikk for kliniske behandlingsstudiar, men òg andre modellar for kliniske studiar. Dette har gjort HMR meir robust i planlegging og gjennomføring, men vi er framleis sårbare. Årsakene er både indre og ytre, som lokale omstillingsprosessar i HMR og færre innmeldte studiar i Norge i 2024. Likevel må vi gje honnør til alle tilsette som gjer ein flott innsats for pasientane i kliniske behandlingsstudiar. Tala under viser at aktiviteten for nye studiar og pasientar vart redusert, medan talet på registrerte studiar auka. Vidare ser ein at talet på studiar som ikkje inkluderte pasientar, auka tydeleg m.a. på grunn av indre forhold.

Diagram, søylediagram

 

Diagram, søylediagram
Diagram, histogram
Diagram, søylediagram, histogram

 

Tilbake til Årsmelding 2024: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

 

Sist oppdatert 16.05.2025