Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny infrastruktur for forsking og utdanning

På SNR Hjelset er det no kome ein simuleringslab, ny forskingspost og eit auditorium som er svært godt eigna for disputasar.

En stor bygning med parkeringsplass
Simuleringslaben på Hjelset er ein viktig del av HMR si satsing på moderne og praktisk retta kompetanseutvikling. Gjennom VirtSim, som organiserer simuleringsaktiviteten i føretaket, får helsepersonell høve til å trene på realistiske pasientsituasjonar i trygge og autentiske omgjevnader – frå grunnleggande ferdigheitstrening til avansert fullskalasimulering. Dette gir eit sikkert læringsmiljø der ein kan øve på både medisinske prosedyrar og tverrfagleg samarbeid, utan risiko for pasientane.

Styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen

Forskingsposten opna 13. mai,  har eit godt rusta laboratorium, og eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket. Her blir pasientane møtt av sjukepleiarar, bioingeniørar og legar.

Forsking er ein viktig del av spesialisthelsetenesta. Den nye forskingsposten vil gi legar som også er forskarar høve til å gjennomføre forsking med eigna ressursar. Dette vil generere aktivitet som styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen.

Klinisk pasientnær forsking

Forskingsposten vil prioritere klinisk pasientnær forsking, i form av oppdrags- og bidragsstudiar. Aktiviteten vil bli bygd opp etter modellen i Ålesund, som har vist seg å gi gode resultat for både legar og pasientar. Personalet har allereie studiar dei skal starte med, og kompetanseutviklinga vil skje gradvis.

Sist oppdatert 27.03.2026