Årsmelding for forsking og utdanning 2025
Økonomi for forsking og utdanning 2025
Helse Møre og Romsdal har det siste året styrka arbeidet med forsking og utdanning gjennom målretta bruk av både interne og eksterne finansieringskjelder.

Forskingsfiniansering
Alle midlar i ramma til forsking kjem øyremerkt til formålet frå Helse Midt-Noreg HF. Saman med det resultatbaserte tilskotet, tilsvarte dette eit totalt budsjett på ~ 33,4 millionar til bruk for forsking for 2025. Figur 1 syner fordelinga av desse midla på hovudpostar som løn og drift ved seksjon for forsking og innovasjon og dei to kliniske forskingspostane (seksjon for kliniske studiar), konkurranseutsett interne utlysing (lenke til sak om forskingsresultat og øyremerka tilskot), infrastruktur (Inven2 og ekstraordinær utlysing og prosjektstillingar som «frikjøper» klinikar til forskingsoppgåver. Per 2025 var 23 klinikar-forskarar tilsett i midlertidige forskarstillingar (20-40%) og 4 i amanuensisstillingar ved NTNU (~ 8 årsverk samla). Desse bidreg mellom anna sterkt som fasilitatorar for kliniske behandlingsstudiar, som rettleiarar for studentar og til HMRs poenggjevande vitskaplege publisering. 10 klinikarar går òg i internt finansierte ph.d.-stipendiat (~ 5 årsverk).
Ekstern finansiering?
I tillegg kjem eksternt finansierte forskingsprosjekt og sponsor-studiar. I 2025 bidrog ph.d.- og forskarstipend tildelt frå Samarbeidsorganet til tilsette ved HMR med over 7 mill i lønsmidlar. Forsøke å sei noke om inntekter kliniske studiar/besparelser legemiddelkostnader?
Utdanningsfinansiering
Helse Møre og Romsdal brukte i overkant av 28 millionar kroner på utdanningstiltak i regi av stab i 2025. Nær 70 prosent av midlane gjekk til nye utdanningsstillingar i 2025 (15 stillingar), samt vidareføring av kandidatar som starta i 2024 (24 stillingar) og 2023 (2 jordmødrer).
Om lag 12 prosent av budsjettet gjekk til lærlingar innan helsearbeidarfaget (6 lærlingar) og portørfaget (4 lærlingar). Desse ordningane er finansierte sentralt. Lærlingar innan ambulansefaget blir dekte over klinikkbudsjetta og er difor ikkje inkluderte i denne oversikta.
Stillingar i stab utgjorde 15 prosent av totalbudsjettet. Dette omfattar lønsmidlar til tilsette som arbeider med utdanningsoppgåver, mellom anna utdanningskoordinerande overlege, rådgivarar og fagutviklarar i klinikk. Fagutviklarane blir frikjøpte for å bidra til simuleringsarbeid gjennom VirtSim. VirtSim disponerte i 2025 totalt 150 000 kroner til vidareutvikling av simuleringstenesta, inkludert kompetanseheving og innkjøp av forbruksmateriell til ferdigheitstrening.
Den siste posten i budsjettet er utdanningsstøtte på sengepost. Denne dekker frikjøp av sjukepleiarar i siste semester av deltidsutdanningar som starta i 2023, innan blant anna stomi, urologi, nevrologi.
For fordeling av utdanningsmidlar i 2025, sjå tabell under.
Tabellen viser fordeling av utdanningsmidlane i Helse Møre og Romsdal
I tillegg fekk HMR tildelt 300 000 kroner gjennom det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Midt‑Norge RHF og universitets- og høgskulesektoren. Midlane skulle lysast ut som såkornmidlar for å styrkje kvalitet og kapasitet innan rettleiing. Midlane gjekk til frikjøp av tilsette for praksisrettleiarutdanning, ferdigheitstreningsprosjekt på sengepost, og fagleg kompetanseheving.
Eitt prosjekt fekk tilslag på regionale utdanningsmidlar: Utvikling av Klinisk Utdanningsenhet (KLUe) ved intensivseksjonen på Ålesund sjukehus, i samarbeid med NTNU Ålesund.
Samla sett bidrog føretakets og Helse Midt-Norgess midlar til å vidareføre utdanningssatsinga i HMR, men nivået på finansieringa ligg framleis lågt sett opp mot nasjonale forventningar og framtidig kompetansebehov.
Utdanningsarbeidet i 2026
Arbeidet med utdanning i 2026 er godt i gang. Som ein del av det pågåande omstillingsarbeidet i føretaket blei budsjettet for utdanningsstillingar og lærlingar redusert med om lag fem millionar kroner frå 2025 til 2026. Dette gir eit vesentleg lågare økonomisk handlingsrom for utdanningstiltak i føretaket framover.
På trass av reduksjonen vil HMR kunne lyse ut noko fleire nye utdanningsstillingar i 2026 enn i 2025. Årsaka er at forpliktingane frå tidlegare år er vesentleg lågare enn normalt – 2025 hadde det lågaste talet nye utdanningsstillingar på fleire år.
TEKST