Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding for forsking og utdanning 2025

Nøkkeltal: Utdanningsstillingar

Klinikkane meldte for 2025 inn eit behov på 28 nye utdanningsstillingar. Det blei totalt tildelt 15 stillingar.

Nedgang i utdanningsstillingar i Helse Møre og Romsdal

Utdanningsstillingar er stillingar retta mot sjukepleiarar som tek vidareutdanningar på 90 studiepoeng. Ordninga inneber 90 % løn under utdanning, og bindingstid i tråd med overeinskomsten mellom Spekter og Norsk Sykepleierforbund (del A2 IV pkt. 1.3.3.). Stillingane er primært retta mot spesialutdanningar innan fagfelt der spesialisthelsetenesta har særleg kritisk behov for kompetanse. Dei siste åra har utdanningsstillingane gått til vidareutdanning innan akutt-, anestesi-, barn-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie (AABIOK), i tillegg til jordmorutdanning. Kreft er (ved NTNU) blitt ei deltidsutdanning, og kvalifiserer dermed ikkje som ei utdanning som kan dekkast av utdanningsstillingar.

For 2025 hadde ikkje Helse Møre og Romsdal (HMR) oppdrag om å auke talet på utdanningsstillingar samanlikna med 2024 (jf. Oppdrag og bestilling 2025). Tvert imot vart talet på nye stillingar redusert, slik ein òg såg året før.

Fordeling av dei 15 nye utdanningsstillingane

Dei tildelte stillingane for 2025 blei fordelte slik:

  • 1 stilling til anestesisjukepleie
  • 10 stillingar til intensivsjukepleie
  • 2 stillingar til operasjonssjukepleie
  • 2 stillingar til jordmorutdanning

 

Alle studentane, med unntak av jordmorstudentane, gjennomfører utdanninga ved NTNU i Ålesund.

Langsiktig situasjon og behov

Trass i nedgangen dei siste åra, har HMR berre ein gong sidan 2017 hatt under 20 nye utdanningsstillingar i året. Gjennomsnittet dei siste ti åra er om lag 30 nye stillingar.

Framskrivingar frå Helse Midt‑Norge (i dokumentet Langsiktig planlegging av ABIOK‑kompetanse i Helse Midt‑Norge) viser at føretaket bør ligge på rundt 26 nye utdanningsstillingar årleg fram mot 2040 for å sikre føreseieleg rekruttering til AIO‑fagområda. Utdanningsbehov innan akuttsjukepleie og jordmor kjem i tillegg. Dette føreset at utdanningsstillingar framleis er den viktigaste og mest sikre rekrutteringsvegen for nye spesialsjukepleiarar i HMR.

 

Sist oppdatert 13.04.2026