Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsprosjekt

Kor raskt får pasientar med blodforgifting riktig antibiotika?

Sjukehusa i Midt-Noreg gjennomfører eit forskingsprosjekt om behandling av infeksjonar i blodet. Her kan du lese kva prosjektet går ut på, kva opplysningar som blir brukte, og kva rettar du har.

KVA FORSKAR VI PÅ? Når bakteriar eller sopp kjem over i blodet, blir det kalla blodbaneinfeksjon. Mange kjenner det som blodforgifting. Det er ein alvorleg tilstand, og pasienten treng raskt eit antibiotikum som verkar. Når laboratoriet har funne ut kva bakterie det er, kan legen ofte byte til eit meir målretta antibiotikum. Det er bra både for pasienten og for å hindre at bakteriar blir motstandsdyktige.

Vi undersøker kor lang tid det tek frå blodprøven er teken til pasienten får
  • eit antibiotikum som verkar mot bakterien
  • det antibiotikumet som passar aller best
Vi ser òg på om tida er ulik mellom sjukehusa, og om det har betydning for korleis det går med pasientane. Målet er å finne ut kva som kan gjerast betre.

KVEN GJELD DET?
Prosjektet gjeld pasientar som har vore innlagde ved eit sjukehus i Midt-Noreg og fått påvist bakteriar eller sopp i ei blodprøve (blodkultur), etter at sjukehuset tok i bruk journalsystemet Helseplattformen. Dei første sjukehusa tok det i bruk i november 2022. Desse sjukehusa er med: St. Olavs hospital (Trondheim, Orkdal og Røros), Sykehuset Levanger, Sykehuset Namsos, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Vi reknar med at prosjektet omfattar rundt 8000 pasientar.

KVA OPPLYSNINGAR BRUKER VI?
 Vi bruker opplysningar som allereie finst i journalen, men tek ut berre den informasjonen som er relevant for analysene våre. Vi gjer merksame på at vi ikkje les eller tek ut noko av det som er skrive av legar eller anna helsepersonell i journalen. Vi bruker berre det som blir kalla strukturert informasjon:
  • alder og kjønn
  • når blodprøven blei teken, og når laboratoriet gav svar
  • kva bakterie eller sopp som blei funnen, og kva antibiotika han er følsam for
  • kva antibiotika pasienten fekk, og når
  • diagnosar
  • målingar som puls, blodtrykk, temperatur og pustefrekvens
  • blodprøver som viser nyrefunksjon
  • registrerte legemiddelallergiar
  • kva avdeling pasienten låg på, og når pasienten blei skriven ut
  • om pasienten blei lagd inn på nytt eller døydde
Vi bruker ikkje namn, fødselsnummer eller adresse. Ingen blir kontakta, og prosjektet har inga betydning for behandlinga du får.

KORLEIS BLIR OPPLYSNINGANE TEKNE VARE PÅ?
Opplysningane blir henta ut elektronisk. Kvar pasient får eit løpenummer i staden for namn og fødselsnummer. Lista som knyter løpenummeret til personen, blir oppbevart for seg sjølv og er ikkje tilgjengeleg for forskarane som analyserer dataa. Analysene blir gjort i eit sikkert dataområde hos Helsedatasenteret i Midt-Noreg. Berre godkjende prosjektmedarbeidarar har tilgang. Resultata blir publiserte som tal for grupper, slik at ingen enkeltpersonar kan kjennast att.

KOR LENGE BLIR OPPLYSNINGANE OPPBEVARTE?
Prosjektet varer til 31. desember 2027. Deretter blir opplysningane oppbevarte i fem år, til 31. desember 2032, berre for at prosjektet skal kunne kontrollerast i ettertid. Så blir dei sletta eller anonymiserte.

KVIFOR ER DU IKKJE SPURD OM SAMTYKKE?
Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK midt) har godkjent prosjektet og gitt fritak frå kravet om samtykke (saksnummer 981558). Komiteen la vekt på at mange av pasientane var svært sjuke, at fleire ikkje lenger lever, og at prosjektet inneber liten risiko for den enkelte.

Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga:
Personvernforordningens art 6 nr. 1 bokstav e og art 9 nr. 2 bokstav j. Supplerende rettsgrunnlag er REKs dispensasjon fra taushetsplikten jf. helsepersonelloven §29. REKs vedtak gir fullt fritak fra samtykkekravet og dispensasjon fra taushetsplikten for tilgjengeliggjøring og bruk av helseopplysninger for prosjektet. 

DINE RETTAR

Du har rett til å
  • få vite om opplysningar om deg er med i prosjektet, og få innsyn i dei
  • få retta opplysningar som er feil
  • protestere mot at opplysningar om deg blir brukte, og be om at dei blir sletta frå prosjektet
Ta kontakt med prosjektleiaren dersom du vil bruke rettane dine eller har spørsmål. Du får svar på kva som skjer med førespurnaden. Du kan òg kontakte personvernombodet i helseføretaket, og du kan klage til Datatilsynet dersom du meiner opplysningane dine blir behandla i strid med regelverket.

KONTAKT
Prosjektleiar: Einar Nilsen, overlege, Avdeling for medisinsk mikrobiologi, Helse Møre og Romsdal E-post: einar.nilsen@helse-mr.no
Personvernombod, Helse Møre og Romsdal:
personvernombud@helse-mr.no 
Ansvarleg for prosjektet: Helse Møre og Romsdal HF

Sist oppdatert 18.11.2026