Jente som lyttar ved å halde seg ved øyret

Har du barn mellom 7-17 år?

Delta i forskingsprosjekt om lyttevanskar hos barn

Vi ønsker å undersøke eit spørreskjema som blir brukt til å kartlegge vanskar relatert til lytting, merksemd og språk/lærevanskar og bidra til eit betre tilbod for å fange opp, utgreie og behandle lyttevanskar hos barn og ungdom.

FORMÅLET MED PROSJEKTET OG KVIFOR DU BLIR SPURT

Dette er ein invitasjon til å delta i eit forskingsprosjekt som handlar om lyttevanskar hos barn. Vi ønsker å undersøke eit spørreskjema som blir brukt til å kartlegge vanskar relatert til lytting, merksemd og språk/lærevanskar og bidra til eit betre tilbod for å fange opp, greie ut og behandle lyttevanskar hos barn og unge. Spørjeskjemaet blir svart på av føresette, på vegner av barnet.

Gjennom forskingsprosjektet vil vi samle svar på dette spørreskjemaet frå norske barn. Ein del av prosjektet samlar data frå barn som blir greidd ut for lyttevanskar på sjukehus. Vi treng også svar frå føresette til vanlege skulebarn, såkalla normaldata, som fortel oss korleis vanskane som blir kartlagde fordeler seg i ei normalbefolkning.

Prosjektet er godkjent av Regional Etisk Komite.

SLIK KAN DU DELTA

Spørsmåla tek 10-15 minutt å svare på. For å kunne bruke svara dine, må vi ha samtykke frå begge foreldra. Begge bruker lenka nedanfor. 

Er du eineforsørgar er ditt samtykke tilstrekkeleg.

Dersom barnet er 16 og 17 år, må ungdommen sjølv samtykke gjennom den andre lenka nedanfor. 

Skjema blir svart på av forelder (gjerne saman med ungdommen)

Ved å krysse for at du skal svare på spørsmåla på vegner av barnet/ungdommen, vil aktuelle spørsmål komme fram.

Alle som deltek er med i trekking av kinogåvekort.

Tusen takk for at du deltek!


Dersom du har spørsmål til prosjektet eller ønsker å trekke deg frå deltaking, kan du kontakte prosjektleiar Tone Stokkereit Mattsson

Sist oppdatert 26.01.2024