Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livet som doktorgradskandidat

Livet som doktorgradskandidat: Heidi Vihovde Sandvig

I si doktorgrad undersøker overlege i geriatri, Heidi Sandvig Vihovde kva samanheng systemisk betennelse har med utvikling av kognitiv svikt som følgje av hjerneslag, som er ein del av det overordna Nor-COAST-prosjektet.

Petter Bjørklund
Publisert 07.11.2023
Sist oppdatert 17.06.2024
En kvinne som smiler til kameraet
Heidi Vihovde Sandvig. Foto: Privat

Heidi Vihovde Sandvig har sidan 2014 jobba som lege i spesialisering (LIS) og konstituert overlege i geriatri ved medisinsk avdeling i Kristiansund, og er gift, har barn og likar å seile. I skrivande stund er ho ute i full permisjon for å fokusere på doktorgradsprosjektet sitt, som er ein del av The Norwegian Cognitive Impairment After Stroke (Nor-COAST)-studien.

Motivasjonen hennar spring ut i frå at ho alltid har likt å prøve å finne ut korleis ting heng saman og fordjupe seg i relevant faglitteratur. Noko av det ho likar mest med arbeidet er at det gir moglegheit til å utvide sitt faglege nettverk: noko som ho meiner vil komme til nytte i det framtidige kliniske arbeidet.

Kan du fortelje litt om doktorgradsavhandlinga di?

Min doktorgrad er ein del av eit større forskingsprosjekt, Norwegian Cognitive Impairment After Stroke (Nor-COAST) study. I denne studien er det inkludert 815 norsk hjerneslagpasientar i perioden 2015-2017 frå fem norske sjukehus (Ålesund sykehus, St. Olavs hospital, Haukeland sykehus, Bærum sykehus og Oslo universitetssykehus – Ullevål).

I mitt prosjekt ser vi på samanhengen mellom systemisk inflammasjon (betennelse), målt ved ulike biomarkørar i blod, og utvikling av kognitiv svikt etter hjerneslaget. Hypotesen går ut på at pasienter med auka grad av inflammasjon får større kognitive vanskar etter slaget. Man tenker dette kan skuldast at inflammasjon kan bidra til større infarktområde i hjernen, samstundes at inflammasjonen kanskje kan vere med å starte eller akselerere ein begynnande demensutvikling. Viss vi finn ein slik sammenheng, vil det på sikt kunne gje grunnlag for å teste ut behandling som nettopp tar sikte på å redusere inflammasjon i forbindelse med hjerneslaget.

Men inflammasjon er også nyttig og nødvendig for å rydde opp og reparere skaden i hjernen etter slaget. Derfor er det viktig å finne ut hvilke inflammasjonsprosesser som evt kan ha en negativ påvirkning på kognisjon, på hvilket tidspunkt, og hos hvilke pasienter dette kan ha betydning

I Nor-COAST er det samla inn mykje data. I min studie har vi brukt blodprøvar av pasientane tatt under sjukehusopphaldet, i tillegg til 3 månadar og 18 månadar etter slaget. I blodprøvane har vi fått analysert ein rekke markørar som på ulike måtar har samanheng med inflammasjon, som cytokin, kjemokin, komplement, B6-vitamin og noko som heiter kynurenin. I tillegg er det gjort omfattande kognitiv testing av pasientane ved kontrollane ved 3, 18 og 36 månadar. Ved hjelp av statistiske metodar ser vi på samanhengen mellom desse dataene. Det litt unike med denne studien er at vi har både blodprøvar og kognitiv testing frå fleire tidspunkt. Det gjer at vi kan sjå på om inflammasjon i akuttfasen er av større betydning enn i kronisk fase, og om det påverkar endring i kognisjon over tid. 

Prosjektet er knytt til NTNU og eg er tilsett som PhD-kandidat ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap, men eg har samarbeidspartnarar i Nor-COAST både i Oslo, Bergen, Ålesund, Bærum og Trondheim. Nor-COAST-prosjektet er finansiert av Nasjonalforeininga for folkehelsa og NTNU, medan mitt stipend er finansiert via Samarbeidsorganet i Helse-Midt.

Kva var bakgrunnen for val av tema og problemstillingar?

Tal på overlevande etter hjerneslag aukar. Dels skuldast dette ein eldre befolkning og dels betre behandling som gir fleire overlevande. Men dette gir også ei auking av pasientar med ulike former for sekveler. Tidlegare forsking har vist at ca. halvparten av pasientane har kognitive vanskar etter eit hjerneslag. Og pasientar som har gått gjennom eit hjerneslag har også større risiko for å utvikle demens i åra som følgjer. Viss vi kan finne faktorar som har betyding for utvikling av kognitiv svikt etter hjerneslag, gir det moglegheiter for å sjå på nye behandlingsmetodar. Dersom ein kan redusere talet pasientar som utviklar demens etter eit slag, vil vi både kunne gje pasientane eit betre liv og redusere kostnadar for samfunnet. Dessutan vil den kunnskapen som kjem ut av dette prosjektet også kunne ha betyding for andre typar demens. Og meir kunnskap om korleis ein kan behandle demens trengst, da eit aukande tal eldre med demens vil utfordre helsevesenets ressursar åra framover. 

Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å ta ein doktorgrad?

Eg har alltid likt å prøve å finne ut av korleis ting heng saman og likar å fordjupe meg i litteraturen. Men i klinikken blir det aldri så mykje tid som ein ønsker til akkurat det. Derfor er det veldig fint å ta ein pause, og kunne få lov til å dykke litt ned i detaljane igjen. Heilt sidan studietida har eg hatt lyst til å forske, og eg vurderte å gå i gang med eit prosjekt allereie etter turnus, men eg venta fordi eg ønskte å bli ein betre klinikar først. Etter ein del år i klinikken, følte eg meg klar for å prøve meg som forskar. Eg tok difor kontakt med forskingskollegaer i geriatrimiljøet, og saman med Oslo Delirium Research Group søkte eg to ganger om midlar til eit prosjekt som omhandla biomarkørar i spinalvæske hos hoftbrotpasientar med delirium. Men etter to avslag frå Samarbeidsorganet i Helse-Midt la eg bort heile det prosjektet. Men eg klarte i hvert fall å formidle at eg var interessert i forsking, og noko seinare ble eg kontakta andsynes Nor-COAST-prosjektet. Så da søkte eg midlar for tredje gang og denne gangen gikk det igjennom. Dei to prosjekta har ein del likheitsteikn, då begge omhandlar biomarkørar og kognisjon, sjølv om pasientpopulasjonen og markørene er noe forskjellige.  

Korleis er det å kombinere din vanlege arbeidsdag her i HMR med doktorgradsarbeidet?

Eg valgte å gå inn i ein 100 % forskingsstilling, fordi eg var redd for at klinikken skulle spise opp for mykje av forskingstida, men også fordi eg likar å gjere det litt intensivt og ikke ønskte at prosjektet skulle dra ut i tid. Dei første to åra gjekk eg vakter ved sidan av. Men når ein bare jobber vakter, så kjem ein litt på sidelina av det som ellers skjer i klinikken. Då blir det meir å setje seg inn i for kvar vakt. I tillegg når ein er trøtt etter vakt, så blir det tungt å lese fagartiklar. Å behalde vaktene var ein fin måte å halde kontakten med klinikken på, men i det siste året av doktorgradsarbeidet mitt må eg i staden prioritere å komme i mål med prosjektet.

Kva tenker du er fordelane med å ta ein doktorgrad for eIn person som jobber i et medisinsk- eller helsefagleg yrke?

Den store fordelen er at eg trur ein blir god på å innhente, bruke og forstå forskingsresultat som kan ha betyding i klinikken. Eg trur at det viktigaste for klinikaren er at ein lærer ein metode som gjer det lettare å halde seg oppdatert på kva som skjer på forskingsfronten i sitt felt. Til dømes brukar eg utruleg mykje mindre tid på å lese og forstå ein fagartikkel nå enn da eg starta, og eg følger også meir med på publikasjonar som kjem.

Gjennom forskinga har eg også utvida mitt faglege nettverk, som eg trur også vil komme til nytte i klinikken seinare. I tillegg tenker eg det kan vere fint i eit langt arbeidsliv å gjere litt forskjellig. Det å få lov til å ta ein pause og fordjupe seg, har vore veldig godt for meg.  Dessutan er jo fleksibiliteten i doktorgradstilværet veldig god å ha når man har barn og logistikken på heimebane kan vere utfordrande. 

Korleis vil du beskrive ditt lokale forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal? Har det vore til hjelp i doktorgradsarbeidet ditt?

I søknadsprosessen til deliriumsprosjektet, som diverre ikkje ble noko av, fikk eg veldig god hjelp av det ortopediske forskingsmiljøet i Kristiansund. Men i det noverande PhD-prosjektet mitt har samarbeidspartnarane mine stort sett sete i Trondheim, Oslo og Bergen. Men eg har hatt god nytte av å kunne diskutere ein del praktiske forhold, vedrørande til dømes kurs, programvare, statistikk etc., med dei øvrige forskarane og PhD-kandidatane i Kristiansund. Og både forskingsseksjonen og medisinsk avdeling har stilt opp for meg når eg har trengt det. Så eg er veldig glad for at eg ikke har vore aleine

Kva er det beste med tida som doktorgradskandidat?

Det må vere å ha moglegheita til å fordjupe seg i litteraturen. Sjølv om feltet mitt er ganske snevert, så er det gøy å oppleve no at dette kan eg mykje om. Forutan det faglege, så er det å ha moglegheit til å styre dagen sin heilt sjølv noko av det beste. Eg nyt enn så lenge litt rolegare morgnar kor eg ikkje må haste av gårde til eit morgonmøte. 

Kva er noko du ikkje kjem til å sakna med å vere doktorgradskandidat?

Den største utfordringa er vel at jobben alltid heng over deg. Den følelsen av at du alltid er på etterskot og alt tar mykje lenger tid enn ein trur, den kan vere veldig stressande. Dessutan har ein aldri heilt fri, og PC’en er med i alle helger og på alle feriar. Medan ein i klinikken ofte opplever en umiddelbar respons på jobben ein gjer i møtet med ein pasient, så kan ein som forskar jobbe i fleire veker med noko, for å finne at alt bør gjerast på nytt når du endeleg får tilbakemelding på arbeidet. Det kan vere litt demotiverande. Men så er det veldig gøy når resultatet blir bra til slutt da. 

Har du nokre tankar om kva du vil drive med etter doktorgraden?

Grunna familiesituasjonen min, så har eg utsatt gruppe-1-tenesten som eg treng for å bli ferdig spesialist i geriatri. Men no til våren startar eg på Ullevål sjukehus for endeleg å få fullført spesialistløpet. Men eg trur nok eg kjem til å fortsette med noko forsking. Eg har allereie fleire tankar om artiklar eg burde skrive som ein fortsetting av det arbeidet eg har starta. Det er slik at sjølv om studiane mine gir ein del svar, så dukkar det opp mange nye spørsmål som eg gjerne skulle ha funne ut av. I tillegg er eg involvert i nokre andre delprosjekt i Nor-COAST, så dette blir nok ikke det siste eg gjer av forsking.  

Er det noko du skulle ønske nokon hadde fortalt deg då du var ny doktorgradskandidat?

Å, det er sikkert masse! Eg brukte jo mykje tid i starten på å ikkje vite kva eg ikkje visste eller på problem som viste seg å ha veldig enkle svar. Og eg innsåg raskt at datakunnskapane mine var ganske utdatert. Å bruke timar på å finne ut korleis ein får dataene i riktig format kan vere frustrerande. Sånn sett var det nok ikkje heilt ideelt å starte på heimekontor under pandemien. Så til nye doktorgradskandidatar: viss dykk har moglegheita, så vil eg tilrå at ein i dei første vekene eller månadane av eit prosjekt sit i eit fysisk miljø med andre PhD-kandidatar, slik at ein har nokon å spørje, når småting dukkar opp. 

Har du nokre tips til framtidige doktorgradskandidatar?

Eg trur det er viktig å ha ein god forskingsgruppe å støtte seg på. Det dukkar opp mange små spørsmål heile tida. I eit doktorgradsløp er det mykje ein må finne ut av på eiga hand, men mange har likevel gjort liknande ting før deg som ein kan lære av. Dessutan kan livet som doktorgradskandidat vere litt einsamt, særleg på heimekontor, så kontorfasilitetar og kollegaer opplever eg som kjempeviktig.

Kva vil du seie til helsepersonell i HMR som vurderer å ta ein doktorgrad?

Det er viktig at problemstillinga er noko du sjølv synest er spanande. Så er det også slik at det er mykje som blir spanande når du bare set deg inn i det. Men forsking kan inneber mykje kjedelig arbeid i periodar også, og då er det viktig at ein sjølv er motivert for å finne ut av dei spørsmåla som forskinga di forsøker å svara på. I tillegg meiner eg at det å ha rettleiarar som ein kommuniserer godt med og går bra overeins med er utruleg viktig for å få til eit positivt doktorgradsløp. 

Har du noko meir på hjartet?

Det må vel vere at eg tilrår alle interesserte å lese den første artikkelen min som vart publisert i tidsskriftet Stroke i vår:

Sandvig, H. V., S. Aam, K. N. Alme, T. Askim, M. K. Beyer, H. Ellekjær, H. Ihle-Hansen, et al. "Plasma Inflammatory Biomarkers Are Associated with Poststroke Cognitive Impairment: The nor-Coast Study.". Stroke  (Apr 7 2023). https://doi.org/10.1161/strokeaha.122.041965.

 

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!