Forskingsprosjekt

Undervisning om anoreksi og hjerna - for pasientar og støttepersonar

Forsking innanfor genetikk og nevrovitskap har ført til auka kunnskap om kva som er årsaka til anoreksi. I tillegg har forskarar fått innblikk i kva mekanismar som bidreg til å oppretthalde denne sjukdomen, og som kan forklare nokre av symptoma og åtferda hos dei som er sjuke.

Publisert 03.03.2025
Diagram

Denne kunnskapen blir brukt i ein behandling som heiter "Temperamentbasert terapi med støtte" (TBT-S). Ein heilt sentral del av behandlinga er undervisning om anoreksi. Støttepersonar blir rekna som ein viktig del av å bli frisk, og blir inkludert i behandlinga.

Vi tilbyr undervisninga som blir brukt i TBT-S. Undervisninga er ved forskar Tone Seim Fuglset, som har doktorgrad innanfor temaet.

Deltakarane vil lære om genetikk og personlegdomstrekk, ein biologisk forklaringsmodell som forklarer årsaka til kvifor nokon utviklar anoreksi, kva hjernenettverk som er involvert i sjukdomen, samt lære nokre strategiar som kan vere nyttige på vegen mot å bli frisk. Dei vil også høyre om erfaringar frå andre TBT-S deltakarar, og frå folk som har vore sjuke og blitt heilt friske.

Undervisninga er for deg som har diagnosen anoreksi. Du må vere minst 16 år, og ha med deg minst ein støtteperson (maks fire). Støttepersonen kan vere forelder, sysken, venn eller partnar.

Det er eit behov for å undersøke kva som er dei potensielt verkande elementa i TBT-S. Denne studien ønskjer å undersøke opplevd nytteverdi av undervisninga og eventuelle kliniske endringar etter å ha deltatt på undervisninga. Deltaking i studien inneber å fylle ut nokre spørjeskjema før - og tre månader etter undervisninga. Spørjeskjemaa blir fylt ut digitalt.

Dersom du ønskjer å delta på undervisninga og denne studien, send ein e-post til: