Forskingsgrupper

Ortopedisk forskingseining Kristiansund sjukehus (OrtoForsk-KSU)

Forskingsgruppas satsingsområde er ein multidisiplinær tilnærming til artrose.

Logo

Satsingsområde

Gruppas satsingsområde er ein multidisiplinær tilnærming til artrose, som er den vanlegaste leddsjukdommen hos vaksne globalt og ein av dei leiande årsakene til helserelaterte kostnadar i verda. Kunnskap skal skapast gjennom multilaterale samarbeid med etablerte og nye samarbeidspartnar. 

Gruppa skal ikkje vere avgrensa til forsking relatert til artrose, men gjelde heile det ortopediske fagfelt og vil involvere basalforsking, klinisk effektforsking og registert forsking.​

Overordna er det strategiske målet for forskingsgruppa klinikknær forsking. Andre delmål involverar formidling og synliggjering av forskingsaktivitet, fokus på tverrfaglegheit og sjukepleie- og fysioterapiforsking og entreprenørskap i form av innovasjon.​​​

​​​Gruppas struktur

Forskingsgruppa er tredelt, og består av ein styringsgruppe med forskingsgruppeleiar (Tommy Frøseth Aae, overlege ved Ortopedisk avdeling Kristiansund, ph.d), ein referansegruppe og medlemmar.

Styringsgruppa med leiar fattar avgjerder og har ansvar for at forskingsgruppa når måla som setjast. Referansegruppa har som målsetting å gi støtte og rettleiing for utføring av prosjekta. Gruppa er breitt samansatt og sikrar samarbeid med NTNU og Universitetet i Oslo. Medlemmane har planglagte eller allereie igongsatte prosjekt inn i forskingsgruppa og sannsynlegvis vil talet medlemmar auke basert på framtidig forskingssamarbeid.

OF-KSU har eit dedikert forskingsmiljø med 19 medlemmar. 11 av deltakarane har fullført ph.d medan 7 av dei er oppmeldte ph.d-kandidatar.

Styringsgruppa​​
To​mmy Frøseth Aae (ph.d, forskingsgruppeleiar og forskar ved Seksjon for forsking og innovasjon)
Otto Schnell Husby (lege, professor NTNU)
Øystein Bjerkestrand Lian (lege, førsteamanuensis NTNU)
Bjarte By Løfaldli (biolog, ph.d, Helseinnovasjonssenteret)
Frank-David Øhrn (lege, ph.d, forskar)
Kirsti Sevaldsen (lege, ph.d, avdelingssjef)

​​​Referansegruppa

Stephan Röhrl (lege, ph.d)
Vigdis Schnell Husby (sjukepleiar, førsteamanuensis NTNU)
Lars Engebretsen (lege, professor UiO)
Solveig Kvam (bioingeniør, leiar BioBank1, ph.d-stipendiat)
Asbjørn Årøen (lege, professor UiO)
Tor Åge Myklebust (statistikar, ph.d, forskar)

​​​Medlemmar

Øyvind Håberg (lege, ph.d)
John Magne Hoseth (lege, ph.d-stipendiat)
Ola Midtsæther Lian (lege, ph.d-stipendiat)
Kristian Midtsæther Lian (lege)
Fredrik Bru (lege)​
Ole Andreas Tomelthy (lege, ph.d-stipendiat)
Myrthle Slettvåg Hoel (forskingssjukepleiar)​

Johnsen M, Havik S, Husby VS, Winther SB, Foss OA, Husby OS, Lian ØB.
The use of tourniquet in total knee arthroplasty does not impact the functional outcome: a randomised controlled study.
J Orthop Surg Res. 2024 Oct 30;19(1):704. doi: 10.1186/s13018-024-05203-y.
 
 
Johnsen M, Mousavizadeh R, Scott A, Havik S, Husby VS, Winther SB, Husby OS, Lian Ø.
The tourniquet's effects on skeletal muscle during total knee arthroplasty.
J Orthop Res. 2024 Apr 21. doi: 10.1002/jor.25859.     
 
Engseth LHW, Schulz A, Pripp AH, Röhrl SMH, Øhrn FD.  
CT-based migration analysis is more precise than radiostereometric analysis for tibial implants: a phantom study on a porcine cadaver.   Acta Orthop. 2023 Apr 27;94:207-214. doi: 10.2340/17453674.2023.12306.  
 
Lian OM, Randsborg PH, Jakobsen RB, Khan Bukholm IR, Aae TF.
Prevalence of malpractice claims after arthroscopic shoulder surgery: analysis of 69,097 procedures from a national registry in Norway.  Patient Saf Surg. 2023 Oct 18;17(1):25. doi: 10.1186/s13037-023-00378-5.   
 
Engseth LHW, Schulz A, Pripp AH, Röhrl SMH, Øhrn FD.
CT-based migration analysis is more precise than radiostereometric analysis for tibial implants: a phantom study on a porcine cadaver.  
Acta Orthop. 2023. doi: 10.2340/17453674.2023.12306  
 
Hoseth JM, Aae TF, Jakobsen RB, et al. Compensation Claims After Hip Fracture Surgery in Norway 2008-2018.
Geriatric Orthopaedic Surgery & Rehabilitation. 2023;14. doi:10.1177/21514593231188623​

 

 

Artiklar om forskingsgruppa

Sist oppdatert 01.08.2023