19. mai: Markering av Clinical Trials Day
Den internasjonale dagen for kliniske studiar, også kjent som International Clinical Trials Day (ICTD), blir markert 20. mai kvart år. Dagen heidrar starten på det som blir rekna som den første randomiserte kliniske studien, utført av James Lind i 1747. Hovudmålet med denne dagen er å auke medvitet og kunnskapen om kliniske studiar.

Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøke verknad av legemidlar eller andre behandlingsmetodar, men òg for å undersøke korleis medikament omdannast i kroppen og om biverknader er akseptable.
Nasjonalt program
I år har NorTrials og NorCRIN regi for den nasjonale markeringen og programmet som altså skjer tysdag 19. mai. Du kan delta på nettseminaret som går frå kl. 12:00-14:30. Lenke til seminar og program finn du her.
Ny nasjonal portal for kliniske studier
I forbindelse med feiringen av CTD, er det blitt lansert ein ny versjon av oversikten over kliniske studiar. Klikk på denne lenka: Forside - Kliniske studier
Du finn òg ei oversikt på helsenorge.no.
Her kan du lese meir om prosessen med å samle forskinga der.
Kliniske studiar i Helse Møre og Romsdal
I fjor vart det presentert tre pågåande kliniske studiar i Helse Møre og Romsdal. Her kan du lese om dei.