FORSKINGSNYHEITER, RADIOLOGI
Ålesund-lege utnemnt til æresmedlem
– Det er ei stor ære og ekstra stas å få ein slik utnemning frå mitt eiga fagmiljø av radiolog-kollegaer.
Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Møre og Romsdal gratulerar Solveig Roth Hoff som vert utnemnt til æresmedlem i Norsk radiologisk foreining (NoRaFo). Dette skriv NoRaFo på sine nettstader.
– Det er ei stor ære å bli utnemnt til æresmedlem og ekstra stas å få ein slik utnemning frå mitt eige fagmiljø av radiolog-kollegaer, seier Hoff.
Hoff er seksjonsoverlege ved Radiologisk avdeling Ålesund og Volda og førsteamanuensis ved Institutt for sirkulasjon og biletdiagnostikk ved NTNU. Sidan 2022 har ho vore prosjektleiar for etableringa av desentralisert legeutdanning i Helse Møre og Romsdal med base ved Ålesund sjukehus.
Utnemninga vil skje på grunnlag av det NoRaFo beskriv som ei yrkeskarriere med klinisk arbeid, leiing, forsking, undervising, og vesentlege bidrag innan radiologi-feltet. Som del av utnemninga skal Hoff halde æresføredrag med tittelen "Korleis kan vi legge til rette for god læring?" under Radiologisk Haustmøte 2023, onsdag den 25. oktober.
Tidlegare har ho hatt ulike leiarstillingar ved Radiologisk avdeling og ei stilling som avdelingstillitsvald ved same avdeling. For tida rettleiarar ho tre PhD-kandidatar.
Hoff har fleire publikasjonar i leiande internasjonale radiologiske tidsskrift, og er beskrive av NoRaFo som ein av dei mest profilerte mammaradiologane i Noreg.
Tidlegare i år blei ein artikkel kor ho er medforfattar i inkludert i tidsskriftet Radiology si liste over topp-publikasjonar for året 2022. Tidsskriftet omtaler seg sjølv som verdas ledande tidsskrift for medisinsk biletdiagnostikk.
Les meir om utnemninga på NoRaFo sine nettstader.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.