Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Ambisiøst forskingsprosjekt: - Kan forlenge kreftpasientar sine liv

Ålesund sjukehus er eitt av fire sjukehus i Noreg som er med i det europeiske forskingsprosjektet MyPath, der målet er å implementere eit digitalt pasientsentrert verktøy som skal betre behandlinga av kreftpasientar. Prosjektet set pasientane sine eigne opplevingar i fokus, og dei får ta større del i avgjerder kring behandlinga sine.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 29.01.2024
Sist oppdatert 22.03.2024
En mann og en kvinne som står på et kontor
Forsker Terese Solvoll Skåre og onkolog Jo-Åsmund Lund er spente på prosessen framover. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/Helse Møre og Romsdal

- Dette kan endre korleis pasientar og helsepersonell kommuniserer med kvarandre på ein radikal måte, seier onkolog Jo-Åsmund Lund. Han leier forskingsarbeidet i MyPath ved Helse Møre og Romsdal.

MyPath er en del av MATRIX-samarbeidet som starta opp i 2022. Matrix er eit nasjonalt forskingssenter for klinisk behandling med ambisjon om å forlenge liva og forbetre livskvaliteten til pasientar med kreftformer som vanskeleg let seg kurere.

-  Heile prosjektet går ut på å sette opp pasientforløp som er så effektive som mogleg, og som er tilpassa kvar enkelt problemstilling. Det unike med MyPath er at pasientane sjølve i mykje større grad blir involverte i si eiga behandling, forklarer Lund.

MyPath foreslår pasientforløp basert på tilbakemeldingar via eit digitalt spørjeskjema der pasientane fyller ut informasjon om helsetilstanden sin.

Gir pasienten eit språk

Terese Solvoll Skåre er doktorgradskandidat ved NTNU i Ålesund. Ho forskar på bruken og implementering av det digitale verktøyet Eir som MyPath nyttar. Ho har Lund m. fl. som rettleiar, og jobbar tett på kreftpasientar.

Solvoll Skåre har berre positive ting å seie om digital kartlegging under behandling og oppfølging, og trekk fram at det blant anna opnar opp for ein tettare dialog mellom pasient og helsepersonell.  

– Vi har høyrt at pasientar har spurt etter verktøyet når dei ikkje har brukt det fordi dei føler at det gir dei eit språk for å beskrive symptoma sine, seier Solvoll Skåre. – Når ein har kreft har ein diverre ofte mange symptom; enten på grunn av kreftsjukdomen i seg sjølv, eller behandlinga. Å kartlegge symptom kan gje oss viktig informasjon om korleis pasienten faktisk har det, noko som igjen vil vere viktig når ein blant anna skal vurdere den vidare behandlinga og sette i verk tiltak for at pasientane kan få det betre i kvardagen.

Diagram
Døme på digital kommunikasjon. Illustrasjon: Stein Kaasa/MyPath

Via Eir gir pasientane tilbakemelding på ein skala frå 0-10 på spørsmål om til dømes kor mykje smerter ein har eller kor kvalm ein er. Dei får og spørsmål om korleis dei har det, for eksempel om dei kjenne på depresjon. Når pasientane har gjort registreringa si går den direkte til helsepersonalet som då får ei skjematisk framstilling på utviklinga den siste tida.

Lund seier at som lege har han etterspurt eit system som dette. – Vi kontrollerer mange forskjellige problemstillingar for kvar enkelt pasient, og dette sorterer vi i hovudet. På kreftsengeposten har pasientane mange symptom samtidig, og dette egner seg jo til å systematisere inn i eit IT-system. Det er ikkje slik at systemet er fokuset her, men i bakgrunnen for å hjelpe oss til å lage gode tilpassa forløp for kvar enkelt pasient.

– Vi vet jo mykje om kva systematisk symptomkartlegging har å seie for både korleis ein faktisk har det og korleis ein klarer å leve livet tross alvorleg sjukdom, supplerer Solvoll Skåre.

Forlenga levetid

Lund påpeiker at det viktigaste er å ta vare på pasienten som ei heilheit, og ikkje berre kreftsjukdomen. – Vi må ta med alt pasienten plagast med, som smerter, forholdet til sine næraste, kort sagt heile situasjonen. Å ivareta dette som ei heilheit frå tidlig i kreftforløpet forlenger levetida ein god del meir enn ein del av dei nyaste medikamenta.

Solvoll Skåre seier i følgje ein studie så levde pasientane nokre månader lengre. – For den som skal døy og dei rundt så er dette ganske lenge, så tidsrommet kan by på mykje ekstra.

Lund fortel at prosjektet er ambisiøst og at det krev mykje tid for å få det til, men er ikkje i tvil om at det er verdt det. – Vi har dei flinkaste folka på laget, og ein dyktig IT-leverandør i tillegg, DNV Imatis, som skal levere utstyret. Dette er viktige suksessfaktorar, seier Lund.

– Det er vel noko som heiter at du kan ikkje redde heile verda, og det trur eg ikkje heller, men eg håper å få lov til å gjere forsking som er relevant for klinikken, og at både pasientar og helsepersonell kan få ein litt betre kvardag, avsluttar Solvoll Skåre.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​