Forsking, nytilsett forskingssjef

Anne-Sofie Furberg blir ny forskingssjef i Helse Møre og Romsdal

Tiltredinga vil skje den 1. juni 2023. - Ein fagleg sterk og dyktig leiar med solid forskar- og prosjektleiingskompetanse, seier fagdirektør Erik Solligård.

Petter Bjørklund
Publisert 21.03.2023
Sist oppdatert 04.04.2023
En person med krøllete hår
NY FORSKINGSSJEF: Professor og epidemiolog Anne-Sofie Furberg tiltrer i stillinga den 1. juni 2023. (Foto: Jørn Berger-Nyvoll/UiT)

​​Anne-Sofie Furberg blir Helse Møre og Romsdals nye forskingssjef i Seksjon for forsking og innovasjon (SFI). ​Ho tiltrer i stillinga den 1. juni 2023.

Furberg er utdanna lege og har brei erfaring som forskar innan epidemiologi. For tida er ho tilsett som epidemiolog ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg og professor ved både Høgskolen i Molde og UiT Norges arktiske universitet.

Gjennom si tid som forskar har ho leia fleire omfattande prosjekt, mellom anna helseundersøkinga Fit Futures og Tromsø Staph and Skin Study: ein tverrfagleg studie av samspelet mellom vert og mikrobe ved berarskap og infeksjon med gule stafylokokkar.

Som forskingssjef skal Furberg mellom anna leie SFI, bidra til å bygge opp og styrke HMR som forskingsmiljø, og drive strategisk utvikling av forsking og innovasjon i samarbeid med regionale og lokale ressursar og organisasjonar.

Les også: Forskar på kjenslereguleringstrening og traumeterapi for behandling av personar med rusavhengnad

Furberg ser fram til å tiltre i stillinga og å samarbeide i lag med dei ulike forskingsmiljøa i helseføretaket.

- Helse Møre og Romsdal har solid forskingskompetanse og sterke forskingsmiljø, og det blir spanande å vere med å utvikle og styrke forskinga i helseføretaket ytterlegare; ikkje berre som leiar men óg som ein medspelar.​

​​Gler seg til samarbeidet

Furberg ​tar over etter avtroppande forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff. Han var i to år forskingssjef fram til utgangen av 2022, og gjekk ved nyåret over i ny stilling som seksjonssjef i den nyoppretta Seksjon for kliniske studiar i HMR.

- ​Eg ønskjer ho lykke til og hjarteleg velkomen som ny forskingssjef i Helse Møre og Romsdal, og gler meg til samarbeidet.

Hoff

AVTROPPANDE FORSKINGSSJEF: Noverande seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar i HMR, Dag Arne Lihaug Hoff ønskJer Furberg velkomen som ny forskingssjef, og gler seg til det komande samarbeidet. (Foto: Kristin Støylen)

Fagdirektør Erik Solligård beskriv Furberg som ein fagleg sterk og dyktig leiar med solid forskar- og prosjektleiingskompetanse. Vidare seier han at ho vil vere ein viktig pådrivar for å auke forskingsaktivitet- og kvalitet i HMR.

- Anne-Sofie har ein lang og imponerande bakgrunn som forskar og prosjektleiar, og frå juni skal ho ta med seg denne kompetansen inn i helseføretaket vårt. Eg ser fram til å samarbeide i lag med ho.

Erik Solligård

SER FRAM TIL SAMARBEIDET: Fagdirektør Erik Solligård beskriv Furberg som ein fagleg sterk og dyktig leiar med solid forskar- og prosjektleiingskompetanse.​ (Foto: Sondre Solbakken)

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.