Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2020 for forsking, innovasjon og utdanning i ny digital drakt

Publisert 21.06.2021
Sist oppdatert 04.08.2023

Årsmelding for forsking og innovasjon  i styret

Seksjon for forsking og innovasjon og seksjon for utdanning og kompetanse har fått i oppgåve å lage aktivitetsrapport for høgdepunkta innan forsking, innovasjon og utdanning i 2020. Rapporten er lagt fram for styret i HMR og viser nøkkeltal og ulike høgdepunkt frå alle områda. Helse Møre og Romsdal har hatt eit aktivt år både innan forsking og utdanning. Trass ei utfordrande tid har det vore formidla og publisert meir vitskaplege publikasjonar enn nokon gong i HMR.


- Publikasjonar tangerer 100 godkjende artiklar, dette gjev inntekter som kan brukast til å styrke forsking, sa Dag Arne Lihaug Hoff i si orientering til styret.  


Tilbakemeldingane frå styret var positive: årsmeldinga er gledeleg lesing og inneheld mange lyspunkt. Styret var imponert både over det høge antal studentar som kvart år er i praksis i mange av seksjonane og dei mange forskingsprosjekta som gjev eit utvida helsetilbod til pasienten. Tilsaman 280 pasientar deltek i 26 ulike behandlingsstudiar innan forsking. 

- Innan utdanning  av helsepersonell vert det og gjort ein fenomenal innsats i føretaket; både utdanningssjef Guro Berge og styret rosar praksisrettleiarane sine for rettleiinga dei gjev til det ca 1000 studentene som har praksisperiodane sine her. I føretaket er også forskarutdanning (ph.d) eit satsingsområde (sjå figur under). Per i dag har 57 personar formell forskarkompetanse. 

Tilsette som er i ph.d.-løp, fordelt på sjukehus i HMR

Tilsette som er i ph.d.-løp, fordelt på sjukehus i HMR


Les heile årsmeldinga her​