Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aukar kunnskapen om langtidsplagar etter borreliose

Forskingsfelt: Forskar på multippel sklerose (MS), nevroimmunologi og infeksjonssjukdomar i nervesystemet, spesielt på Borrelia-infeksjonar.

Publisert 06.06.2016
Sist oppdatert 01.09.2020

​​

Rune Midgard_Portrett_400 x 500.jpg

Namn: Rune Midgard
Fødd: 1952
Stilling: overlege nevrologi, nevrologisk avdeling, førsteamanuensis ved Enhet for anvendt klinisk forsking (AKF), NTNU
Dr.med.: Universitetet i Bergen, 1996

Opplysningar frå Helsedirektoratet anslår at  meir enn 500 nordmenn reiser utanlands for å få utgreiing og behandling for Borrelia-infeksjonar.  Gjennom fem arbeidspakkar vil dette forskingsprosjektet auke kunnskapen om langtidsplagar etter borreliose, samt betre diagnostikk og behandling av borreliose.

Det seier overlege og prosjektleiar for ein omfattande borreliose studie i Helse Møre og Romsdal, Rune Midgard. LIS-lege Audun Dahlberg har utarbeidd eit ph.d-prosjekt knytta til BorrSci-prosjektet og vil bli sterkt involvert i dette arbeidet. Midgard vil bli hans rettleiar og sitt samstundes i den nasjonale referansegruppa for Nasjonal kompetanseteneste for flåttborne sjukdomar (www.flåttsenteret.no).

Borreliose er ein sjukdom som ein kan få dersom ein blir bitt av flått. Sjukdomen skuldast bakterien borrelia. Sjukdomen vert og kalla Lyme borreliose.

Ved sjukehuset i Molde vil Midgard forske på å identifisere karakteristiske sjukdomstegn for dei pasientane ein antar har diagnosa kronisk Lyme borreliose. Desse kriteria er kontroversielle og det er nødvendig med nærare undersøkingar, seier han.

Ein del av eit nettverk
Allereie i 1987 publiserte Midgard sin første vitskaplege artikkel om temaet.  Han har blant anna fått møte professor Willy Burgdorfer som få år tidlegare hadde påvist spiroketen som seinare fekk hans namn /Borrelia burgdorferi) som årsak til denne infeksjonen. I 2008 var Midgard og hans kollegar invitert til å bli med i den norske randomiserte kliniske studien (4) der ein samanlikna doksycyklin i tablettform med ceftriakson administrert intravenøst til norske pasientar med Lyme nevroborreliose. Denne studien påviste at tablettar var like effektiv som intravenøs behandling av infeksjonen. I dag er det fortsatt mange ubesvarte spørsmål om sjukdomen og ein stor studie vart difor starta ved Sørlandet sjukehus i 2015. Denne flått-forskinga er landsomfattande og frå juli skal Midgard og hans kollegaer bidra med datainnsamling til denne studien.

Treng meir kunnskap
Studien vil auke kunnskapen om sjukdomen og redusere usikkerheita som er knytt til diagnose og behandling.

- Vi skal mellom anna auke kunnskapen om langtidsplagar etter borreliose, utvikle metodane for  å diagnostisere borreliose, og finne den beste behandlinga. I den klinisk kontrollerte studien skal vi gje pasientgruppene ulik varigheit på behandlinga: den eine gruppa får to vekers behandling, den andre gruppa seks veker. Etter seks månadar ser ein på korleis det går med pasienten og om dei er blitt friske. Vi kan då få svar på om den eine behandlinga oppnår betre resultat enn den andre. Målet er å betre behandlinga for pasientar med borreliose og spreie ny kunnskap om sjukdomen. Det skal også etablerast ein nasjonal flåttbiobank. Dette gir eit verkty for forsking i framtida og skal gi betre grunnlag for diagnostikk, patogenese, sjukdomsdistribusjon og langtidsplagar ved sjukdomen.

Vidt spekter
Rune Midgard jobbar parallelt med fleire forskingsprosjekt; blant anna eit om MS-epidemiologi i Møre og Romsdal og eit prosjekt der ein skal studere effekten av MS-legemiddelet alemtuzumab (Lemtrada®) på tap av hjernesubstans i ein struktur i hjerna som kallast corpus callosum (hjernebjelken). Dette er og eit samarbeidsprosjekt, med ein radiolog ved Karolinska sjukhuset i Stockholm. Rune Midgard er ein produktiv forskar som har sett spor etter seg. Han har publisert mellom 50 og 60 fagartiklar. Her er nokre av hans publikasjonar om  Lyme borreliose. :

1) Midgard R, Hofstad H.
Unusual Manifestations of Nervous System Borrelia burgdorferi Infection.
Arch Neurol 1987; 44: 781-783.

2) Midgard R, Hofstad H, Tjørstad K, Roalsø S.
Neuroborreliosis in Western Norway. Epidemiological aspects and clinical appearance.
Poster at the IV International Conference on Lyme Borreliosis, Stockholm, Sweden June 1990.

3) Eldøen G, Vik IS, Vik E, Midgard R.
Lyme nevroborreliose i Møre and Romsdal.
Tidsskr Nor Lægefor 2001;121:2008-11

4)Ljøstad U, Skogvoll E, Eikeland R, Midgard R, Skarpaas T, Berg A, Mygland A. Oral doxycycline versus intravenous ceftriaxone for European Lyme Neuroborreliosis: a multicentre, non-inferiority, double-blind randomised study.
Lancet Neurol 2008; 7: 690-695